Fakturainformasjon 2020

Alle leverandørar må merke seg ny fakturainformasjon til Bybanen Utbygging frå 1. januar 2020

 

Faktura til Bybanen Utbygging som gjeld leveransar i 2020 skal stilast til Vestland fylkeskommune, med organisasjonsnummer 821 311 632.

Kort om endringa
I samband med regionreforma vert Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune slått saman til Vestland fylkeskommune frå 01.01.2020. Dette er ei ny juridisk eining med eit nytt organisasjonsnummer. Bybanen Utbygging er ein del av Vestland Fylkeskommune.

Leveransar i 2019
Faktura som gjeld leveransar i 2019 skal sendast til dei respektive fylkeskommunane der bestillinga vart gjort, Hordaland fylkeskommune (org.nr. 938 626 367) eller Sogn og Fjordane fylkeskommune (org.nr. 941 388 841).

Leveransar i 2020
Faktura som gjeld leveransar i 2020 skal stilast til Vestland fylkeskommune, med organisasjonsnummer 821 311 632. Alle faktura til Vestland fylkeskommune skal sendast elektronisk i EHF-format.

Merking av faktura
Faktura skal merkast med ordrenummer frå vårt eHandelssystem i feltet for ordrenummer. I XML-fila skal dette plasserast i feltet OrderReference/ID

Faktura som ikkje har opphav i ei bestilling frå vårt eHandelssystem skal merkast med ein fem- eller sekssifra referanse oppgitt av bestillar i feltet for dykkar referanse. I XML-fila skal dette plasserast i feltet AccountingCustomerParty/Party/ContactID

Faktura som vert sendt til feil fylkeskommune vert returnert med krav om kreditnota og ny faktura til riktig mottakar. Vi ber om at leveransar i 2020 ikkje vert fakturert før nytt organisasjonsnummer og aksesspunkt er registert og aktivert i ELMA-registeret 01.01.2020.