Inngåelse av kontrakt

Bybanen Utbygging har i dag signert kontrakten på bygging av Løvstakktunnelen med det sveitsiske selskapet Marti Tunnelbau AG. Kontrakten, på om lag 800 millionar kroner, er den første store kontrakten på utbygginga av Bybanen til Fyllingsdalen.

 

Kontrakten omfattar driving og utrusting av to tunnelar på 2900 meter gjennom Løvstakken, mellom Mindemyren og Fyllingsdalen. I den eine skal Bybanen gå, den andre blir den lengste gang- og sykkeltunnelen i verda. I tillegg omfattar kontrakten bygging av fjellhallar på Fyllingsdalsida for depot for Bybanevognene.

 Tett konkurranse
– Det var veldig tett konkurranse om oppdraget, med svært dyktige firma som deltok.Bybanen Utbygging er glad for at så dyktige firma var med i konkurransen, slik at det var mogeleg å velje på øvste hylle, seier prosjektdirektør i Bybanen Utbygging, Roger Skoglie.

Marti Tunnelbau AG er ein familieeigd bedrift, starta i 1922, med hovudkontor i Bern, Sveits.
Dei har i dag kontor i Noreg, Island, Tyskland, Austerrike, Spania, Slovakia, Chile, Kina, Hong Kong og India, med totalt 6500 tilsette, derav 25 tilsette i Noreg og ein omsetnad i 2017 for konserndelen som Marti Tunnel tilhøyrer på 6,3 milliarder kroner.            

 I Noreg har Marti Tunnelbau AG hatt følgjande prosjekt:

  • Rv.13 Ryfast E02 Solbakktunnel (Statens vegvesen 2013-2018)
  • Sprenging av 8 km undersjøisk to-løps vegtunnelar (tverrsnitt ca. 68 m2) med injeksjon. 12   tverrsamband, delarbeid av pumpestasjonar, basseng og tekniske bygg.
  • UHN07 Snekkestad (2011-2015 Jernbaneverket, no Bane NOR)
  • Sprenging av 2 km jernbanetunnel (tverrsnitt ca. 133 m2) med systematisk injeksjon, tilkomst og rømmingstunnelar

Jobbe saman
– Bybanen Utbygging ser fram til å jobbe saman med Marti Tunnelbau AG om å drive vår lengste tunnel på Bybanen så langt, og den lengste gang- og sykkeltunnelen i verda, seier Roger Skoglie.

Vedlegg bilete til fri bruk:
Prosjektdirektør Roger Skoglie i Bybanen Utbygging (t.v.) og dagleg leiar Åsmund Ellingsen, Marti Tunnelbau AG, skriv under kontrakten på bygging av to tunnelar på 2900 meter gjennom Løvstakken.

Kontaktpersonar: 
Prosjektdirektør Roger Skoglie i Bybanen Utbygging, mobil +47 905 44 659
Marti Tunnelbau AG, ved dagleg leiar Åsmund Ellingsen, mobil 908 82 985.