Første bybane til flyplassen

– Dette er ein festdag, sa fungerande fylkesordførar Pål Kårbø då han offisielt opna den første bybanen til Bergen lufthavn, saman med byråd Anna Elisa Tryti og lufthavndirektør Aslak Sverdrup. Med dette er utbygginga av Bybanen i Bergen sør avslutta.

Slik reiser du til Bergen lufthavn

Sjå rutetidene hos Skyss
 

Klokka 11.15 fredag 21. april gjekk første avgang frå Birkelandsskiftet til Bergen lufthavn. Den nye bybaneterminalen er ferdig.

– Dette er framtida som vi er stolte av. Siste del av den sju kilometer lange bybanestrekninga frå Lagunen til flyplassen er ferdig. Bybanen er eit stort løft for kollektivtrafikken. Denne strekninga dekkjer 9000 bustader og 13000 arbeidsplassar. Eg er stolt over det vi her har oppnådd på kort tid. Det er ein milepål at vi no er komen til endestoppet i sør. Innsatsen må no nyttast for vidare utbygging av Bybanen mot vest og nord, sa fungerande fylkesordførar Pål Kårbø.

To hovudpersonar

Byråd Anna Elisa Tryti har gleda seg lenge til dette.

– I dag har vi to hovudpersonar: Bybanen og Bergen lufthavn. Dei blir saumlaust integrert i kvarandre. Bybanen bind flyplassen og byen saman, men den er ikkje primært eit flytog. Den gjev eit godt tilbod både til dei flyreisande og dei som reiser undervegs, sa Anna Elisa Tryti.

I den nye bybaneterminalen går det rulletrappar og heis vidare. Dei reisande blir enn så lenge slusa gjennom den nye terminalen til den gamle. Opninga av den nye flyplassterminalen må vente til torsdag 17. august. Då inviterer lufthavndirektør Aslak Sverdrup til ny fest.

Eit godt val for dei reisande

– Eg er stolt over å stå her i dag med bybane til Flesland. Vi får den heilt fram og inn på terminalen. Bybanen er inne i huset og blir eit godt val for dei som skal reise til og frå flyplassen og for oss som jobbar her, sa Aslak Sverdrup.

Med dette er byggjesteg 3 for Bybanen avslutta. Det har kosta ca 3,7 milliardar kroner å byggje Bybanen frå Lagunen til flyplassen. Det inkluderer og hus til administrasjon, verkstad og 40 bybanevogner på Kokstad.