Skal bli finast i Hordaland

Utdanning

– Dette skal bli den finaste skulen i Hordaland, seier byggeleiar Gunnar Hemre Ringheim om den nye Åsane vidaregåande skule. Til skulestart i august neste år får 1700 elevar og 200 tilsette arbeidsplass der.

Opna nytt kraftsenter for sveis

– Det nye Vestland fylke er eit viktig industrifylke. Vi bør ta ei leiande rolle innan grøn konkurransekraft, digitalisering og kompetanseutvikling, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø då han opna det nye Kraftsenter for sveis på Kokstad.