Mobbeombod

Mari-Kristine Morberg er mobbeombod for lærlingar og elevar i vidaregåande opplæring i Hordaland. Ho er tilsett for å passe på at du har eit godt psykososialt miljø på skulen eller i lærebedrifta.

Kva gjer mobbeombodet?

  • Snakkar med dei som treng råd eller støtte
  • Rettleiar om korleis du skal gå fram om du opplever krenkingar eller mobbing på skulen din
  • Arrangerer kurs for elevrådsstyre og elevråd
  • Kursar og rettleiar leiing og tilsette i skulen
  • Samarbeider med andre organisasjonar, som til dømes Elevorganisasjonen, Ungdommens Fylkesutval, skulehelsetenesta og så bortetter
Kva gjer eg viss eg ikkje har det bra på skulen Kva gjer eg om eg (eller andre) ikkje har det bra i lære?

Ta kontakt

Har du spørsmål om dine rettar eller treng råd og støtte? Du kan og ta kontakt om du ikkje veit korleis du skal gå fram for å få den hjelpa du har krav på dersom du blir krenka eller mobba på skulen eller i lære.

Ombodet tar kontakt med deg så snart ho kan. Ho svarer til vanlig mellom kl. 9.00 og 15.00.

Mari-Kristine har teieplikt og saker vil ikkje bli tatt vidare utan ditt samtykke.

Du kan ta kontakte på telefon, på e-post (mobbeombod@hfk.no), på Facebook eller Snapchat.

Mobbeombod
Profilbilde av Mari-Kristine Morberg
Mari-Kristine Morberg
40401557

 

NB. Ver varsam med å sende e-post eller anna som inneheld personsensitive og opplysningar som er teiepliktige.

Sosiale media

  • Facebook. Her blir det lagt ut tips, råd, nyhende og anna relevant informasjon.
  • Snapchat. Ta snap eller skjermbilete av snapkoda

 

Årsrapport

Årsrapport 2017 for mobbeombodet