Manger folkehøgskule er for deg som vil utvikle talentet ditt i eit kreativt miljø. Du møter erfarne og dedikerte lærarar som dekker eit breitt fagområde.
Opptaket skjer på bakgrunn av søknaden din og det du skriv om motivasjon, interesse og forventningar. Gje utfyllande opplysningar om bakgrunnen din og om kvifor du søkjer folkehøgskule generelt og den aktuelle faglinja spesielt.
Opptaket startar 1. februar.
Aldersgrensa er 18 år. Det kan gjerast unntak i spesielle høve.
Medan mange scener ventar på å få kome skikkeleg i gang igjen etter pandemien, har livemusikken levd i beste velgåande på Manger folkehøgskule. To gongar i veka er det rom for huskonsertar, med alt frå klassisk til metal. Dette året har verkeleg alle konsertane vore ein fest!
Medan mange studentar ved høgskular og universitet opplever digital heimeundervisning i desse dagar, er kvardagen tilnærma normal på folkehøgskulane rundt om i landet. Her foregår undervisninga i klasserommet, ein kan vere sosial med medelevane, og treningsrom og fellesareal er opne. I eit intervju på folkehøgskole.no ber no kunnskapsminister Guri Melby fleire om å vurdere folkehøgskule.