Hurtigtest av covid-19
Skulen vil frå 19.april delta i eit prosjekt der elevar og tilsette blir testa med hurtigtester. Dette blir gjort for at elevar skal kunna vera mest mogleg tilstades på skulen. Samtidig vil vi med dette finne dei personane som kan smitta andre raskast mogleg. Prosjektet tar sikte på å vara til mai. Det er frivillig deltaking av elevar og tilsette. Ein kan når som helst trekka seg frå å delta.