Høyringsutkast til felles anleggs- og tildelingspolitikk for spelemidlar til fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Høyringsutkastet gjeld Vestland fylkeskommune 2020-2024. Høyringsfrist er 5. april 2019.

Fellesnemnda gjorde vedtak 14. februar 2019 om å be prosjektleiar utarbeide eit framlegg til felles anleggs- og tildelingspolitikk for spelemidlar til fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for Vestland fylkeskommune, gjeldande for perioden 2020 –  2024.

Fellesnemnda ber om å få saka tilbake til handsaming/vedtak i mai 2019. Framlegg til anleggs- og tildelingspolitikken vert no send ut på høyring, med frist 5. april 2019.

Forslaget til anleggs- og tildelingspolitikk for spelemidlar til fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for Vestland fylkeskommune 2020 – 2024 byggjer på vedteken politikk forankra i Regional plan for kultur 2019 – 2027 for Sogn og Fjordane og Regional kulturplan for Hordaland 2015 – 2025, på statlege føringar, ei vurdering av dei aktuelle utfordringane som kjem fram i Statestikk og utviklingstrekk i Vestland, Idrettsindeksen for Vestland 2017 og ei innspelsundersøking frå kommunane januar 2019.

Høyring

Dei to fylkeskommunane ønskjer innspel på innhaldet i anleggs- og tildelingspolitikken for 2020 – 2024. Resultatet av høyringa vil bli vurdert og lagt fram for fellesnemnda i samband med slutthandsaminga 23. mai 2019.

Høyringsutkast.pdf

Kontaktperson Hordaland
Profilbilde av Britt Karen Spjeld
Britt Karen Spjeld
456 66 326
Kontaktperson Sogn og Fjordane
Atle Skrede
41530716