TT-kort

Transportordning for funksjonshemma i Hordaland

 

Formål

Transportordninga for funksjonshemma er eit tilbod til deg som ikkje kan nytte det ordinære rutetilbodet. Ordninga skal ikkje erstatte eit dårleg eller manglande rutetilbod.

Kven kan søkje

Ordninga gjeld for personar over 9 år som er fast busett i Hordaland og som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss. 

Rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte er prioriterte i ordninga, men andre med nedsett mobilitet kan og søkje. Funksjonsnedsettinga må ventelig vare minst 2 år. 

Helseføretaka har ansvaret for køyring til og frå medisinsk behandling.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Ein kan søkje heile året.

Kva kan støttast   

Støtte til fritidsreiser og arbeidskjøring.

Støttenivå

Det vil bli tildelt kvotar alt etter funksjonshemming og alder. Meir informasjon om dette finn du nedanfor i "Retningslinger for TT-ordninga".

Krav til søknaden

Fritidsreiser: 
Søknaden består av to skjema. Eigenerklæring og legeerklæring. Du fyller sjølv ut eigenerklæringa. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte buss. Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege.

Arbeidsreiser: 
Søknaden består av to skjema. Eigenerklæring og legeerklæring. Du fyller sjølv ut eigenerklæringa. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte buss. Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege. 

Kontakt

Samferdselsavdelinga, tlf. 55 23 93 63

Lenkjer

Informasjon om TT-ordninga
Retningsliner for TT-ordninga (pdf)
Brosjyre om arbeids- og utdanningsreiser (pdf)

Søknadsskjema

Søknadsskjema

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

13.01.2011 08:18
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart