|
|
| Formål |
Medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.
Fylkeskommunen gjev tilskot til Hjortevilttiltak (Kap. 1425 post 71.1) og til Lokale vilttiltak mv. (Kap. 1425 post 71.3), når søknaden gjeld artar det kan haustast av. (Søknadar som gjeld truga eller sårbare artar eller artar det ikkje kan haustast av skal adresserast til Fylkesmannen). |
|
|
| Kven kan søkje |
Private organisasjonar og lag, til dømes grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar. Også sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan søkje om tilskot. |
|
|
| Søknadsfrist |
15. januar 2012 |
|
|
| Kva kan støttast |
Tiltak som kan få tilskot er:
- Kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar.
- Innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova.
- Iverksetjing av tiltak der føremålet er betre bestandsoversyn.
- Oppretting og drift av lokale samarbeidsråd.
- Deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid.
- FoU og studentoppgåver.
- Tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og høve til jakt.
- Andre særleg prioriterte viltføremål.
Søknader om tilskot til tiltak som er forankra i ein driftsplan vil bli prioriterte.
Sjå også rundskriv for søknadsåret. |
|
|
| Støttenivå |
Jmf. årleg rundskriv frå Miljøverndepartementet |
|
|
| Krav til søknaden |
Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Rett utfylling i dette systemet oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast. |
|
|
| Kontaktperson |
Jomar Ragnhildstveit, jomar.ragnhildstveit@hfk.no telefon 55 23 93 08 |
|
|
| Lenkjer til nettstad el. viktige merknader |
Fylkeskommunen si regionale temaside for vilt
Rundskriv frå Miljøverndepartementet
Direktoratet for naturforvaltning |
|
|
| Søknadsskjema |
Lenkje til Elektronisk søknadssenter |
|
|
Til oversyn over alle tilskotsordningane
Jomar Ragnhildstveit 22.07.2011 10:00