Omstillingsprogrammet

Stikkord: Næringsutvikling, sårbarheit, omstilling
Formål

Skape eit breiare næringsgrunnlag med eit meir robust næringsliv. Gjere lokalsamfunn mindre avhengig av ein/få verksemd(er). Omstillingstiltaka skal vere langsiktige og vere ekstraordinære.

Kven kan søkje

Kommunar eller regionar (regionråd) med sårbar næringsstruktur og omstillingsutfordringar.

Søknadsfrist

Ingen søknadsfrist for å få midlar til omstillingsprogram. Ta kontakt med fylkeskommunen. Vert det etablert omstillingsprogram, avgjer styrande organ i programmet søknadsfristar.

Kva kan støttast

Kartlegging av situasjonen. Mål- og strategiarbeid. Tiltak: bedriftsretta prosjekt, kompetanseheving, lokal mobilisering, informasjonsarbeid, fysiske investeringar, produktutvikling med meir.

Støttenivå

Kartlegging- og strategiarbeid: Inntil 75% frå fylkeskommunen.
Tiltak innafor omstillingsprogrammet: Støttenivået varierer.

Krav til søknaden

Ta kontakt med fylkeskommunen for nærare informasjon når det gjeld søknad om omstillingsstatus.

Ta kontakt med sekretariatet i omstillingsprogrammet når det gjeld søknad om konkrete tiltak innafor programmet.

Kontaktperson

Øystein Imset
Tlf. 55 23 92 88
oystein.imset@hfk.no

Meir info

Les meir om omstillingsprogrammet

Søknadsskjema

Kontakt Øystein Imset for nærare informasjon.

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

Øystein Imset 24.01.2012 10:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart