|
|
| Formål |
Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing. |
|
|
| Kven kan søkje |
Innstilling til stipend vert gjort av Olympiatoppen region Vest-Norge etter søknad frå særkretsar innan idretten i Hordaland. |
|
|
| Søknadsfrist |
15. oktober. |
|
|
| Kva kan støttast |
Stipendet vert delt ut til utøvarar, trenarar, leiarar og dommarar frå Hordaland som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong. Innstilling til |
|
|
| Støttenivå |
Det vert gjeve fem utviklingsstipend, kvart på kr 25 000,-. |
|
|
| Krav til søknaden |
Ved tildeling av stipend vil følgjande kriteria vektlagt: idrettsprestasjon, potensiale og planar for vidare satsing innan idrett. Stipendet vert delt ut til utøvarar som er mellom 16 og 25 år.
For trenarar, leiarar og dommarar er det ein føresetnad at alder er mellom 20 og 35 år. Innstilling vert gjort av Olympiatoppen region Vest-Norge, medan kultur- og ressursutvalet (Hordaland fylkeskommune) vedtek tildeling. |
|
|
| Kontaktpersonar |
Britt Karen Spjeld: britt.karen.spjeld@hfk.no, tlf.: 55 23 91 82 Pia M. Andreassen: Olympiatoppen region Vest-Norge, tlf.: 98 45 92 00 |
|
|
| Lenkjer |
Informasjon om stipend og gåvepremie - Hordaland fylkeskommune Olympiatoppen region Vest-Norge |
|
|
| Søknadsskjema |
Søknad om utviklingsstipend skal sendast til Olympiatoppen region Vest-Norge. |
|
|