Tilskot og verkemiddel - Ålmenne kulturføremål

Kunst- og kulturtiltak – prosjekt innan t.d. litteratur, dokumentasjon, scenekunst, musikk, visuell kunst m.m.
Formål

Løyvingane skal stø opp under visjonen for Hordaland fylkeskommune sin kulturpolitikk i tråd med gjeldande fylkesplan, og såleis m.a. vere med på å sikre innbyggjarar rundt om i fylket eit mangfaldig og godt kulturtilbod.

Hordaland fylkeskommune har eit regionalt kulturansvar, så reint lokale kulturtiltak må finansierast av vedkomande kommune e.l..

Kven kan søkje

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegner av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve i søknaden.

Søknadsfrist

1. mars og 15. september kvart år

Kva kan støttast

Løyvingane skal gå til tiltak/prosjekt som er av ein slik art at det har regional interesse og/eller nedslagsfelt.

Støttenivå

Totalløyvinga i denne ordninga for 2011 på kr 646.000 vert fordelt ved tildeling vår og haust. Vanlegvis ligg tilskota mellom 5.000 og 20.000 kr.

Krav til søknaden

Vi ynskjer at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema Ålmenne kulturføremål

Kontaktpersonar

Tone Stedal Haugland tlf.: 55 23 91 92
Dagny Ygre Herland tlf.: 55 23 91 90

Lenkje

Retningsliner og informasjon

Søknadsskjema

Søknadsskjema Ålmenne kulturføremål

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart