|
|
| Formål |
Hovudføremålet for kulturminneforvaltninga er å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø og ta vare på kulturminna som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Tilskotsmidlane må ein sjå i denne samanheng. |
|
|
| Kven kan søkje |
Alle eigarar av kulturminne med unnatak av Staten kan søkje. Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremjast av leiinga for organisasjonen/institusjonen. Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar e.l. og organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda. |
|
|
| Søknadsfrist |
Søknaden må sendast til fylkeskommunen innan 1. desember. |
|
|
| Kva kan støttast |
Tilskot skal gå til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg som er freda ved vedtak, automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, faste kulturminne knytte til kystkultur, kulturlandskap, arkeologiske kulturminne, viktige nasjonale konserveringsoppgåver, verdsarvområda, brannsikrings- og beredskapstiltak.
Eigar vil som hovudregel ha ansvaret for gjennomføring av eit tiltak, men i einskilde høve kan det vere føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunen eller kommunane er ansvarlege i samarbeid med eigar. |
|
|
| Støttenivå |
Uavgrensa. |
|
|
| Krav til søknaden |
Mål med prosjektet. Framdriftsplan for prosjektet. Beløp som det søkast om. Korleis prosjektet er planlagt gjennomført (til dømes bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats). Samarbeidspartnarar. Kva for faglege føresetnader søkjar har for å gjennomføre prosjektet, eventuelt om søkjar har sytt for at prosjektet kan gjennomførast på ein fagleg forsvarleg måte. |
|
|
| Kontaktperson |
Stein Ottosen tlf. 55 23 91 74 |
|
|
| Lenkje |
Miljøverndepartementet - Tilskot til kulturminnetiltak |
|
|
| Søknadsskjema |
kulturminnevern.pdf |
|
|