|
|
| Formål |
Driftsstønad til barne- og ungdomsorganisasjonar på fylkesplan som har sekretariat for heile fylket og lokallag i minst tre kommunar. |
|
|
| Kven kan søkje |
- Barne- og ungdomsorganisasjonen som har lokallag i minst 3 kommunar i Hordaland fylke. - Organisasjonen må ha minst 50 medlemer totalt i Hordaland fylke |
|
|
| Søknadsfrist |
1. mars kvart år Søknad skal sendast til Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga, Boks 7900, 5020 Bergen |
|
|
| Kva kan støttast |
Drift av fylkesleddet i barne- og ungdomsorganisasjonar
- Det vert ikkje gjeve stønad til organisasjonar som har kommersielle aktivitetar som sin hovudaktivitet. |
|
|
| Støttenivå |
Støtta til den enkelte organisasjon vert fordelt etter følgjande prinsipper/fordelingsnøkkel: 1. Grunntilskot, likt for alle organisasjonar: 20% 2. Hovudstønad, stønad pr medlem under 26 år: 30% 3. Fri pott til skjønsmessig fordeling: 50% |
|
|
| Krav til søknaden |
Ein organisasjon må for å vere kvalifisert for stønad, stette følgjande krav: - Ha lokallag i minst 3 kommunar i Hordaland fylke. - Ha minst 50 medlemmer totalt i Hordaland fylke, med rett til stønad. - Følgjande medlemsdefinisjon gjeld: "Som medlem reknast dei som har betalt kontingent i løpet av føregåande kalenderår og som er under fylte 26 år |
|
|
| Kontaktperson |
Astrid Marthinussen (HBUR) Tlf. 55 96 10 37 e-post: post@hbur.no
Berit Alette Bjørge (HFK) Tlf. 55 23 91 85 e-post: berit.alette.bjorge@hfk.no |
|
|
| Merknad |
Hordaland barne- og ungdomsråd (HBUR) medverkar i førebuinga av saka. Vedtak vert gjort av Kultur- og ressursutvalet. |
|
|
| Søknadsskjema |
Driftsstønad til barne- og ungdomsorganisasjonar
Retningsliner |
|
|