|
|
| Formål |
For å sikre område til friluftsliv skaffar det offentlege til veie areal ved erverv av eigedomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale).
Det viktigaste føremålet med ordninga er å betre tilgjenge til friluftsområde for allmenta, særleg i nærleiken av bustadområde. Det er viktig at område som kan brukast av store folkegrupper blir sikra på denne måten. Også landfaste område i kystsona har høg prioritet. |
|
|
| Kven kan søkje |
Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale friluftsråd, lokale lag og organisasjonar. |
|
|
| Søknadsfrist |
15. januar til Hordaland fylkeskommune (HFK). HFK vurderer og prioriterar søknadene før dei vert sendt til Direktoratet for naturforvaltning (DN). Søkjarar vert informert om utfallet av søknaden innan 1. juli frå DN. |
|
|
| Kva kan støttast |
Søknader som er handsama og prioriterte i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova vil bli prioriterte. Ordninga rettar seg særleg mot areal som blir/vil bli intensivt nytta og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål. |
|
|
| Støttenivå |
På nasjonalt nivå var det sett av kr 35 mill (2010) til statlege tileigningar og bandlegging av friluftsområde. Hordaland fekk kr 1 181 000 til tileigning og bandlegging i 2010. |
|
|
| Krav til søknaden |
DN sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Rett utfylling oppfyller krava til innhald i søknaden. |
|
|
| Kontaktpersonar |
Øivind Rune Bjørkås, oivind.rune.bjorkas@hfk.no, tlf.: 55 23 91 96 Einar J. Grieg: einar.grieg@hfk.no, tlf.: 55 23 91 66/90 07 25 43 |
|
|
| Lenkjer til nettstader |
Hordaland fylkeskommune - info. om søknad om tileigningar/bandlegging Direktoratet for naturforvaltning Rettleiing til utfylling av søknad - sikring av friluftslivsområde |
|
|
| Søknadsskjema |
Søknadsskjema |
|
|