Spelemidlar til ordinære nærmiljøanlegg

 

Formål

Spelemidlar til ordinære nærmiljøanlegg skal medverke til ein infrastruktur som gjev folk høve til å drive eigenorganisert fysisk aktivitet. Anlegget/området skal vere fritt allment tilgjengeleg, primært for born og ungdom (6–19 år), men òg for resten av lokalsamfunnet.

Kven kan søkje

Kommunar/fylkeskommunar, idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund (NIF), samanslutningar organiserte under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Den Norske Turistforeining, Noregs Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttarvesen, aksjeselskap/allmennaksjeselskap og kommunale føretak, stiftingar, burettslag og velforeiningar.

Søknadsfrist

Ta kontakt med eigen kommune for informasjon om søknadsfrist. 

Kva kan støttast

Nærmiljøanlegg er anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, hovudsakleg i tilknyting til bu- og/eller opphaldsområde. Nærmiljøanlegg er berre utandørsanlegg.

Anleggseigaren pliktar å halde anlegget ope for eigenorganisert idrettsleg/fysisk aktivitet i 20 år frå ferdigstilling av anlegget. Det vert ikkje ytt tilskot av spelemidlane til drift, leige, kjøp av grunn eller dekning av gjeld.
Støttenivå

Grunnlag for tilskot er avgrensa oppover til kr 400 000. Nedre godkjende kostnadsramme er kr 80 000. Det kan søkjast om tilskot på inntil 50 % av godkjend kostnad, avgrensa oppover til kr 200 000. Tilskotssummen må vere større enn kr 40 000.

Krav til søknaden

Søknader om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, med aktuelle vedlegg, skal leverast elektronisk (sjå under). Det skal søkjast gjennom den kommunen der anlegget er geografisk plassert.

Følgjande vedlegg skal vere med søknaden: 
Førehandsgodkjende planar med trongsoppgåve for anlegget, kostnadsoverslag, finansieringsplan, plan for bruk, kopi av stadfesta grunnbokutskrift for grunnen der anlegget skal byggjast. Ved avtale om feste/leige krevst det òg kopi av tinglyst feste-/leigeavtale på minst 20 år.

Kontaktpersonar

Tore Andersen: tore.andersen@hfk.no,
tlf.: 55 27 80 14/98 25 52 49

Lenkje

Meir informasjon om spelemidlane
Kulturdepartementet - idrettsavdelinga 

Søknadsskjema

idrettsanlegg.no

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

25.01.2011 10:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart