|
|
| Formål |
Hordaland fylkeksommune sitt investeringstilskot skal medverke til at regionen får store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi. |
|
|
| Kven kan søkje |
Kommunar og andre anleggseigarar. |
|
|
| Søknadsfrist |
1. september. |
|
|
| Kva kan støttast |
Store og konstnadskrevjande idrettsanlegg der ein kan arrangere store nasjonale og internasjonale meisterskap. Hordaland fylkeskommune føreset tidleg dialog om utvikling av prosjektet. Anlegget det vert søkt om støtte til, skal vere forankra i en kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Om anlegget er forankra i ein regional plan, styrkjar dette søknaden. |
|
|
| Støttenivå |
Støtte vert vurdert i høve til godkjend spelemiddelsøknad. Tilskot frå det fylkeskommunale investeringstilskotet vert vurdert i lag med anna fylkeskommunal støtte. Hordaland idrettskrets vert nytta som høyringsorgan i høve til tildelinga.
Det er sett av kr 4.000.000 årleg i Hordaland fylkeskommune sin økonomiplan 2011 - 2014. |
|
|
| Krav til søknaden |
Før tilsagn om fylkeskommunalt tilskot vert gjeve, er det ein føresetnad at det ligg føre ein godkjend spelemiddelsøknad. Søknad om investeringstilskot skal sendast via kommunen og innehalde skildring av anlegget med finansieringsplan og kostnadsoverslag. Anlegget skal vere forankra i kommunal delplan og ev. regional plan. Søknaden skal og innehald ein vudering av anlegget sin nasjonale verdi, med uttale frå respektivt særforbund. Om det vert søkt om investeringstilskot til eit anlegg med regional verdi som finst frå før i Hordaland, er det opp til søkjar å skildre kva som skil anlegget i høve til det/dei som eksisterer. |
|
|
| Kontaktpersonar |
Britt Karen Spjeld, tlf.: 55 23 91 82/456 66 326 |
|
|
| Lenkjer |
Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 (side 33). |
|
|
| Søknadsskjema |
Det er ikkje eit fast søknadsskjema. |
|
|