|
|
| Formål |
Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal medverke til ein infrastruktur som gjev folk høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten.
Dei viktigaste målgruppene for bruk av spelemidlar til idrettsføremål er born (6–12 år) og ungdom (13–19 år). |
|
|
| Kven kan søkje |
Kommunar/fylkeskommunar, idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund (NIF), samanslutningar organiserte under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Den Norske Turistforeining, Noregs Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttarvesen, aksjeselskap/allmennaksjeselskap og kommunale føretak, stiftingar, burettslag og velforeiningar. |
|
|
| Søknadsfrist |
Ta kontakt med eigen kommune for informasjon om søknadsfrist. |
|
|
| Kva kan støttast |
Ordinære anlegg er anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet. Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd (idrett og fysisk aktivitet for alle), og som ikkje er underlagde fortenestbaserte eigarformer.
Anleggseigaren pliktar å halde anlegget ope for allmenn idrettsleg aktivitet i 40 år frå ferdigstilling av anlegget. Det vert ikkje ytt tilskot av spelemidlane til drift, leige, kjøp av grunn eller dekning av gjeld. |
|
|
| Støttenivå |
Der ikkje anna er fastsett, kan det ytast tilskot til ordinære anlegg medrekna rehabilitering på inntil 1/3 av godkjend kostnad. |
|
|
| Krav til søknaden |
Søknader om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, med aktuelle vedlegg, skal leverast elektronisk (sjå under). Det skal søkjast gjennom den kommunen der anlegget er geografisk plassert, men søknader om tilskot til anlegg for friluftsliv i fjellet blir behandla av Den Norske Turistforening (DNT).
Det er eit vilkår for å kunne søkje at anlegget er innarbeidd i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Før det kan søkjast om tilskot til eit anlegg må kommunen registrere anlegget i idrettsanleggsregisteret. |
|
|
| Kontaktpersonar |
Tore Andersen tore.andersen@hfk.no, tlf: 55 27 80 14/98 25 52 49 |
|
|
| Lenkjer |
Meir informasjon om spelemidlane Kulturdepartementet - idrettsavdelinga |
|
|
| Søknadsskjema |
idrettsanlegg.no |
|
|