Opne idrettsanlegg

Opne idrettsanlegg

Formål

I tråd med visjonen om "Aktiv kvar dag" vil Hordaland fylkeskommune stimulere kommunar til å opne idrettsanlegga sine for eigenorganisert fysisk aktivitet.

Tilskotet skal bidra til at barn og unge får drive med fysisk aktivitet på eigne premissar, gjerne saman med søsken, vener, foreldre/føresette med fleire.

Kven kan søkje

Kommunar.

For at kommunane skal kunne få midlar, må prosjektet forankrast både i kommune og hos anleggseigar/idrettslag/relevante samarbeidspartar. Idrettsrådet i kommunen skal også vere med.

Kommunen sjølv må og ”stille opp” økonomisk – tilskotet frå Hordaland fylkeskommune skal ikkje overstige 50 % av totalt kostnad.

Søknadsfrist

Heile året. 

Kva kan støttast

Det kan søkjast om å halde idrettsanlegg (symjehall, fotballbanar, fleirbrukshallar, alpinanlegg etc.) ope for eigenorganisert aktivitet for barn og unge. Det kan i visse tilfelle gjevast tilskot fleire gonger til same tiltak.

Støttenivå

Inntil kr 40 000,-. 

Krav til søknaden

For å få tilskot vert det forventa ein kortfatta søknad frå kommunen. Kommunale og andre økonomiske tilskot skal skildrast, samt kva for anlegg og aktivitetar som skal inngå i tiltaket.

Kommune og idrettslag skal arbeide saman; "spleiselag" både økonomisk og administrativt/praktisk

Det vert føresett at tiltaket skal vere eit fast tilbod til barn og unge: tilskotet er oppstartsmidlar og vidareføring er kommunen og idrettslaget ansvarleg for. 

Kommunane og idrettslaga skal sjølv ta avgjerd om kven tiltaket skal vere gjeldande for og korleis ein vil gjennomføre det. Det er eit krav at det er uorganisert barn og ungdom (opp til 19 år) tiltaket er gjeldande for.

Alle idrettslag/kommunar som får støtte, skal utarbeide ein kort evaluering for korleis pengane har vore brukt.

Kontaktperson

Hanne Espe, hanne.espe@hfk.no, tlf.: 55 23 91 78.

Lenkjer

Seksjon for idrett og friluftsliv, kultur- og idrettsavdelinga.
Brosjyre om opne idrettsanlegg.

Søknadsskjema

Søknad sendast Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga, v/fylkesidrettssjefen, postboks 7900, 5020 Bergen.

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

08.02.2011 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart