Spelemidlar til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg

 

Formål

Spelemidlar til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg skal medverke til ein infrastruktur som gjev folk høve til å drive eigenorganisert fysisk aktivitet. Anlegget/området skal vere fritt allment tilgjengeleg, primært for born og ungdom (6–19 år), men òg for resten av lokalsamfunnet.

Kven kan søkje

Kommunar/fylkeskommunar, idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund (NIF), samanslutningar organiserte under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Den Norske Turistforeining, Noregs Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttarvesen, aksjeselskap/allmennaksjeselskap og kommunale føretak, stiftingar, burettslag og velforeiningar.

Søknadsfrist

Det kan søkjast om tilskot gjennom heile året. Sakshandsamingstid i fylkeskommunen: Hovudregel: Inntil fem veker.

Kva kan støttast

Mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg er uteanlegg eller uteområde for eigenorganisert fysisk aktivitet, hovudsakleg i tilknyting til bu- og/eller opphaldsområde. Anleggseigaren pliktar å halde anlegget ope for eigenorganisert fysisk aktivitet i 10 år frå ferdigstilling av anlegget. Det vert ikkje gjeve tilskot av spelemidlane til drift, leige, kjøp av grunn eller dekning av gjeld.

Støttenivå

Godkjend kostnad er avgrensa oppover til kr 80 000. Nedre godkjende kostnadsramme er kr 20 000. Det vert gjeve stønad med inntil 50 % av godkjend kostnad, avgrensa oppover til kr 40 000. Tilskotssummen kan ikkje vere mindre enn kr 10 000.

Krav til søknaden

Søknader om tilskot til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg skal leverast elektronisk (sjå under). Det skal søkjast gjennom den kommunen der anlegget er geografisk plassert.

Følgjande vedlegg skal vere med søknaden: 
Situasjonsplan (anlegget teikna inn på kart) og teikningar som viser oppbygging av anlegget, kostnadsoverslag, finansieringsplan, plan for bruk, kopi av stadfesta grunnbokutskrift for grunnen der anlegget skal byggjast. Ved avtale om feste/leige krevst det òg kopi av skriftleg feste-/leigeavtale på minst 10 år.

Kontaktperson

Hanne Espe: hanne.espe@hfk.no, tlf.: 55 23 91 78

Lenkjer

Meir informasjon om spelemidlane
Kulturdepartementet - idrettsavdelinga 

Søknadsskjema

idrettsanlegg.no

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

25.01.2011 10:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart