Tilskot til merking og gradering av turstiar

Formål

Formålet med tilskotsordninga er å implementere ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet med utgangspunkt i Innovativ fjellturisme sin mal for merking og gradering.  

Kven kan søkje

Frivillige organisasjonar, kommunar, destinasjonar og større geografiske områder kan stå som avsendar av ein søknad. I handsaminga av søknader vert det lagt vekt på at det skal vera eit godt samarbeid mellom det frivillige, reiselivet, kommune og grunnleigar.

Søknadsfrist

15. februar 2012

Kva kan støttast

Midlane skal gå til implementering av "Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper". Standarden bygger på ein mal for skilting og eit verktøy for gradering som tek omsyn til vanskegrad – graderinga fylgjer fargane grønt, blått, rødt og svart.

Støtte vert gjeve til merking og gradering av turløyper (inkl. gang-, sykkel-, ski- og padleløyper).  

Støttenivå

Inga avgrensing, men vi oppfordrar til å søkje om prosjekt som har verknad over eit større geografisk område. 

Krav til søknaden

Søknad om tilskot må bygge på "Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper". Det må liggje eit lokalt samarbeid til grunn for prosjektet og det er krav om 50% eigeninnsats i prosjektet (i form av dugnad og/eller eigne midlar).

Søknad om tilskot må vere ferdig utfylt for at den skal handsamast, inkludert plan for drift og vedlikehald.

Kontaktperson

Einar J. Grieg: einar.grieg@hfk.no, tlf.: 55 23 92 87/90 07 25 43

Lenkjer

Informasjon om tilskotsordninga. Her finn du og relevante dokument og lenker.
Innovativ fjellturisme as

Søknadsskjema

Søknadsskjema (pdf)

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

27.01.2011 11:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart