|
|
| Formål |
Tilskot til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere eigna lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd i Hordaland.
Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift. |
|
|
| Kven kan søkje |
Kommunar, frivillige lag og organisasjonar. |
|
|
| Søknadsfrist |
15. mars. Søkjarar får svar innan 15. september. |
|
|
| Kva kan støttast |
Lokale det vert søkt støtte til må vere planlagd ut frå definerte behov og bør vere fleksible. Kulturbygg bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen. Bygningane skal i størst mogleg grad fungere som kulturelle møtestader for alle grupper.
Lokala skal vere opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn. |
|
|
| Støttenivå |
Tilskot er inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader for kulturbygget. Maksimal tildeling per år er kr 500 000,- og samla tilskot er avgrensa opp til kr 1 000 000,-.
Søknader som får tildeling på delar av godkjend søknadssum, får ikkje automatisk dekka restbeløpet det påfølgjande året. |
|
|
| Krav til søknaden |
Søknad om støtte til lokale kulturbygg skal registrerast i idrettsanlegg.no. Støtte vert vurdert ut frå retningsliner fastsett av Hordaland fylkeskommune (sjå under). |
|
|
| Kontaktperson |
Ronny Skaar: ronny.skaar@hfk.no, tlf.: 55 23 91 77 |
|
|
| Lenkjer |
Retningsliner for forvaltning av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg Hordaland fylkeskommune sine nettsider; Idrett og friluftsliv |
|
|
| Søknadsskjema |
Søknadsskjema |
|
|