Tilskot til lokale friluftslivstiltak

 

Formål

Tilskot til prosjekt frå denne tilskotsordninga skal gå til lokale friluftslivstiltak som sikrar grunnlaget for allemannsretten og som legg til rette for det enkle friluftslivet. 

Tilskotsordninga skal vere med på å skape meir friluftslivstiltak i lokalmiljøa, gjennom tilrettelegging og samarbeid på lokalt nivå. Tiltak retta mot personar med funksjonshemming vert prioritert.

Kven kan søkje

Frivillige lag, organisasjonar, kommunar, grendalag, velforeininger. Det vert ikkje gjeve tilskot til fortenestebaserte verksemder.

Søknadsfrist

15. februar.

Kva kan støttast

Midlar skal gå til lokale friluftslivstiltak som tek sikte på å fremje sunne levemåtar, styrkje gode levekår og å minske sosiale helseskilnader mellom folk i Hordaland. Midlane kan nyttast til strukturelle tiltak og/eller tiltak retta mot prioriterte grupper som treng særleg fokus.

Støttenivå

Gode prosjekt vert støtta med tilskot opp til kr 40 000,- (minimum kr 5 000,-)

Krav til søknaden

Søknad skal fremjast på elektronisk søknadsskjema (sjå under). 

Skildringa av prosjektet skal vere kort og presis

Relevante vedlegg skal sendast Einar Grieg.

Om tiltaket har vore støtta ved tidlegare tildelingar, skal dette informerast om i søknaden. Rapport om tiltaket skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 15. januar året etter tildelinga.   

Kontaktperson

Einar Grieg: einar.grieg@hfk.no, tlf.: 55 23 91 66.

Lenkje

Hordaland fylkeskommune sine nettsider; Idrett og friluftsliv
Fordeling av midlar i 2011 - friluftsliv og folkehelse.

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

25.01.2011 10:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart