Tilskot til fleirkulturelle aktivitetar og prosjekt

Frivillig verksemd i lokalsamfunn
Formål

Føremålet med ordninga er å skape møteplassar i lokalsamfunn på tvers av etnisk og nasjonalt opphav.

Tilskot skal i hovudsak gjevast til tiltak som gjennomførast i konkret samarbeid mellom ulike lokale aktørar.

Kven kan søkje

I prinsippet kan alle søkje:  Lokale og regionale innvandrarorganisasjonar, offentlege instansar i samarbeid med frivillige aktørar, grupper og privatpersonar.

Tiltak skal, sjølv om berre ein søkjar står ansvarleg, som hovudregel gjennomførast i konkret samarbeid mellom ulike aktørar. Dette kan til dømes vere ein lokal innvandrarorg. i samarbeid med ein annan frivillig organisasjon eller off. instans i samarbeid med frivillige aktørar.

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje, og dette må oppgis i søknaden før hanhandsamast. Privatpersonar kan søkje tilskot til frivillig virksomhet i lokalsamfunn, eventuelt på vegner av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve i søknaden.

Søknadsfrist

1. mars kvart år.

Kva kan støttast

Arrangement, tiltak og prosjekt som skaper møteplassar i lokalsamfunn på tvers av etnisk og nasjonal opphav.

Ein møteplass kan til dømes vere  kurs, seminar, utstilling, informasjonsmøte, konsert eller idrettsaktivitet.

Tilskot skal i hovudsak gjevast til tiltak som gjennomførast i konkret samarbeid mellom ulike lokale aktørar.

Aktivitetar og tiltak som berre er retta innover mot ei bestemt gruppe eller miljø og som ikkje kommuniserar ut mot andre, skal normalt ikkje gjevast støtte.

Det vert normalt ikkje gjeve støtte til feiring av religiøse høgtider.

Støttenivå

Vanlegvis kan det gjevast støtte frå 5.000 kr og opp til ca. 30 000 for større prosjekt.

Krav til søknaden

Sjå søknadsskjema.

I hovudsak vert innvilga støtte utbetalt når tiltaket er gjennomført og det er sendt rapport til fylkeskommunen.

Kontaktpersonar

Øyvind Bjørkås tlf.: 55 23 91 96
Tone Stedal Haugland tlf.: 55 23 91 92
Dagny Ygre Herland tlf.: 55 23 91 90

Lenkjer

Retningsliner 2012 for tilskudd til frivillig virksomhet i lokalsamfunn som bidrar til deltakelse, dialog og samhandling

Skjema for årsrekneskap og rapport for 2011. Drift av lokale innvandrerorganisasjonar. (Pdf) (Word)

Utbetalingsrapport/-skjema for tiltak og aktivitetar innvandrarorganisasjonar og fleirkulturelle tiltak. (Pdf) (Word)


Søknadane vert politisk handsama i Kultur- og ressursutvalet 5. juni 2012
Søknadsskjema

PDF   Word

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart