Folkehelsetiltak

 

Formål

Midlane skal gå til lokale folkehelsetiltak som tek sikte på å fremje sunne levemåtar, styrkje gode levekår og å minske sosiale helseskilnader i befolkninga.

Tiltaka skal ha hovudvekt innan dei nasjonale og regionale satsingsområda for folkehelse.

Til dømes kan det søkast om midlar til kunnskapsbaserte tiltak som fokuserer på fysisk aktivitet, kosthald, røyk og rusførebygging, fremming av psykisk helse, arbeidsmiljø og skolemiljø.

Kven kan søkje

Det vil for 2012 vere slik at det berre er kommunar og fylkesledd i organisasjonar som kan søkje.

Lokale lag og organisasjonar må enten søkje gjennom kommunane eller fylkesledd. Dersom ein kommune eller ein fylkesorganisasjon har meir enn ein søknad, skal søknadene prioriterast.

Søknader frå partnarar i ’Partnarskap for folkehelse i Hordaland’ vert særleg prioriterte.

Søknadsfrist

15. februar 2012

Kva kan støttast

Midlane kan nyttast til strukturelle tiltak og/eller tiltak retta mot prioriterte grupper som treng særleg fokus.

Prosjekt/tiltak som bideg til utjamning av helseskilnader og som er eit ledd i ei systematisk oppbygging av folkehelsearbeid vil bli prioriterte.

Støttenivå

Uspesifisert

Krav og retningsliner til søknaden

Kriterium

  • Dersom det har vore gitt tilskot i 2011, er det ein føresetnad for tilskot i 2012 at vi har motteke rapport og rekneskap for tilskot frå 2011.
  • Kommunar og fylkesledd i organisasjonar blir bedne om å koordinere lokale søknader og å prioritere dei. Det skal fyllast ut eitt skjema til kvart tiltak
  • Frivillige organisasjonar blir bedne om å koordinere søknadene innan fylket, eller koordinere med kommunen og sende søknadene gjennom fylkeslaga sine. Det skal fyllast ut eitt skjema til kvart tiltak.
  • Særskilte tilleggskriterium kan gjelde for kvar tilskotsordning.
  • Det kan førast eigeninnsats i budsjettet med ein timesats på kr.250 pr time. Totalsummen må grunngjevast. Eigeninnsats skal førast både på utgifts- og inntektssida i budsjettet.

Tiltak som fell utanfor ordningane:

  • Ordinær drift av kommunar eller organisasjonar.
  • Prosjekt eller tiltak som har næringsverksemd som hovudmål.
  • Tilskot skal ikkje danne grunnlag for fortenestebaserte eigarformer.

Sjå rettleiing til elektronisk søknad (forhåndsvisning av søknad). Søknaden skal leverast som elektronisk søknad via lenkje nederst på denne sida. 

Kontaktperson

Matti Torgersen, 55 23 92 78, matti.torgersen@hfk.no

Merknad

Kommunar som er interessert i å bli med i partnarskapen kan ta kontakt med kontaktperson over. For meir info sjå hordaland.no/folkehelse

Søknadsskjema

Start elektronisk søknadsskjema 

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

31.01.2011 09:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart