Stimuleringsmidlar til lokalt folkehelsearbeid

For medlemmar av Partnarskap folkehelse i Hordaland

Formål

Midlane skal nyttast til å utvikle og styrkje Partnarskap for folkehelse i Hordaland og for å skape samanheng i folkehelsearbeidet i Hordaland.

Partnarskapen inneberer eit gjensidig og forpliktande samarbeid mellom fleire aktørar for å oppnå felles mål innan folkehelseområdet.

Kven kan søkje

Kommunar som er med i Partnarskap for folkehelse i Hordaland

Søknadsfrist

15. februar årleg.

Kommunar som er med i partnarskapen treng ikkje å søke midlane. Midlane vert tildelt fortløpande når fylkeskommunen har motteke rapport frå 2011 og mål for arbeidet i 2012.

Kva kan støttast

Stimuleringsmidlane skal gå til å medfinansiere folkehelsekoordinatorstilling i kommunane.

Det er ein føresetnad at kommunen stiller med minst like mye midlar til stillinga. Midlane kan etter særskilt søknad nyttast til prioriterte tiltak kor stillinga allereie er ivaretatt.

Friviljuge organisasjonar som deltek i partnarskapen, får aktivitetsmidlar inntil k 50.000. Vi ber om at organisasjonane søkjer om desse midlane med spesifikasjon av korleis dei skal nyttast i 2012.

Støttenivå

Kr 150.000,- i 2012

Krav og retningsliner til søknaden

Kriterium

  • Dersom det har vore gitt tilskot i 2011, er det ein føresetnad for tilskot i 2012 at vi har motteke rapport og rekneskap for tilskot frå 2011.
  • Kommunar og fylkesledd i organisasjonar blir bedne om å koordinere lokale søknader og å prioritere dei. Det skal fyllast ut eitt skjema til kvart tiltak
  • Frivillige organisasjonar blir bedne om å koordinere søknadene innan fylket, eller koordinere med kommunen og sende søknadene gjennom fylkeslaga sine. Det skal fyllast ut eitt skjema til kvart tiltak.
  • Særskilte tilleggskriterium kan gjelde for kvar tilskotsordning.
  • Det kan førast eigeninnsats i budsjettet med ein timesats på kr.250 pr time. Totalsummen må grunngjevast. Eigeninnsats skal førast både på utgifts- og inntektssida i budsjettet.

Tiltak som fell utanfor ordningane:

  • Ordinær drift av kommunar eller organisasjonar.
  • Prosjekt eller tiltak som har næringsverksemd som hovudmål.
  • Tilskot skal ikkje danne grunnlag for fortenestebaserte eigarformer.

Sjå rettleiing til elektronisk søknad (forhåndsvisning av søknad). Søknaden skal leverast som elektronisk søknad via lenkje nederst på denne sida. 

Kontaktpersonar

Matti Torgersen, 55 23 92 78, matti.torgersen@hfk.no

Merknad

Kommunar som er interessert i å bli med i partnarskapen kan ta kontakt med kontaktperson over. For meir info sjå hordaland.no/folkehelse

Søknadsskjema

 Start elektronisk søknadsskjema

 

Til oversyn over alle tilskotsordningane

Jon Erik Vollan 31.01.2011 09:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart