Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

praktisk informasjon

Russerevy

Årets russerevy vert spelt på Kulturhuset frå 24. til 26. februar. Billettsal på www.stord.kulturhus.no

                                        

Skuleplass til hausten?

Vurderer du å søkje skuleplass hos oss til hausten? Les meir om utdanningsprogramma våre på www.vilbli.no og sjå glimt frå skulekvardagen på https://www.facebook.com/stordvgs/   

Du kan søke skuleplass på www.vigo.no Søknadsfristen er 1. mars.

AKTUELT

Solidaritetsdag

Solidaritetsdag

8. februar arrangerte elevrådet Solidaritetsdag for å samle inn pengar til utdanningsstipend i Comalapa i Guatemala. Solidaritetsdagen kom i stand på Elevrådet sitt initiativ, På solidaritetsdagen var elevane ute og skaffa pengar til ungdom som ikkje har råd til å skaffe seg utdanning. Elevrådet valde Comalapa-prosjektet som mottakar. Comalapa i Guatemala er Stord sin vennskapskommune, og også tidlegare år har elevane på skulen hatt innsamlingar til Comalapa. Før solidaritetsdagen fekk skulen besøk av Kristine Rødahl frå Kirkens Nødhjelp. Ho har arbeidd i Guatemala i fleire år og kunne fortelje om situasjonen i landet, og kor mykje utdanningsstipend betydde for ungdomane som fekk dei og for familiane deira.

Open dag på Vabakkjen

Open dag på Vabakkjen

Mellom 200 og 300 tok imot invitasjonen til å besøke skulen på Open dag 25. januar. Elevar og lærarar heldt skulen open fram til kl. 19.00, så det var rikeleg tid til å besøke både verkstadene og få med seg informasjonsmøte der skulerådgjevar og representantar frå Opplæringskontor og bedrifter orienterte om lærlingordninga og kva utsikter ein ser for seg framover for yrkesfaga.

Sjå fleire saker