Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

VAKSENOPPLÆRING VÅREN 2017

Følgjande fag har oppstart i januar 2017:

  • Reinhaldsoperatørfaget
  • Logistikkfaget
  • Akvakultur
  • Sjømatproduksjon

Undervisninga er på deltid og går over eitt år, frå klokka 17.00-21.00 på Bildøy. Undervisninga er gratis. Inntak fortløpande.

Les meir om kva vaksenopplæring er og kven som kan søkje på vaksenopplæringens her.

Meld deg på vaksenopplæring her

SØKJE VIDAREGÅANDE OPPLÆRING SKULEÅRET 2017-2018?

Skal du søkje vidaregåande opplæring skuleåret 2017-2018, men er i tvil om kva som kan passe for deg? Vi hjelper deg gjerne!

  • 17. januar: Du kan treffe oss og høyre meir om våre studietilbod på yrkesmessa i Sotra Arena frå klokka 18.00-21.00. Alle er hjarteleg velkomne innom standen vår.
  • 18. januar: Vi inviterer alle interesserte til open skule hjå oss frå klokka 12.00-15.00. Her vil du få omvising på skulen, samt informasjon og smakebitar frå våre yrkesfaglege og studieførebuande studietilbod.
  • Hospitere: Er du interessert i å prøve ut eit av våre studietilbod i ein dag? Ta gjerne kontakt med oss, så finn vi eit passande tidspunkt.
  • Spør oss! Har du spørsmål du ikkje finn svaret på? Ring eller send ein mail til skulen, eller kontakt oss på våre facebooksider, så hjelper vi deg med alt du treng å få svar på. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi er her for deg!

Fristen for å søkje skuleplass er 1.mars.
Lukke til med skulevalet!

Kva kan eg velje?

Aktuelt

Julebakst fra Sotra vgs. på NRK Hordaland sin morgensending

Julebakst fra Sotra vgs. på NRK Hordaland sin morgensending

Elever og lærer fra Restaurant og matfag vg1 fortalte om julekakebaking på NRK morgensending i dag 2. desember! Godprat, bakst og musikk på eteren! (Du kan lytte til dette på NRK Hordaland morgensending   2 min. og 35 sek. inn i sendingen)

Mat som varmar

Mat som varmar

Elevar på restaurant- og matfag serverte saman med Bergen Kokkenes Mesterlaug middag til brukarane av Straxhuset.

Sjå fleire saker