Variasjon og mangfald

Eit gjennomsnittsfylke

Hordaland vert ofte omtalt som ”gjennomsnittsfylke” eller ”10% - fylke”, sidan fylket i mange statistiske framstillingar ligg nær landsgjennomsnittet, eller utgjer om lag 10 % av landet. T.d. utgjer innbyggjarane ca. 10 % av innbyggjartalet i landet.  

                         Hordaland har ein tradisjonsrik tekstilindustri. Frå Norsk trikotasjemuseum og tekstilsenter i Salhus. Foto: Synnøve Gjermundnes 

Stor variasjon

Det som ikkje er gjennomsnittleg ved Hordaland er variasjonen og mangfaldet, både når det gjeld næringsliv, energikjelder, landbruk, fiske og akvakultur, kommunikasjonar og kulturuttrykk - for å nemne nokre sektorar.

Næring, innovasjon og kompetanse

I nummer 2/2011 av Hordaland i tal viser vi korleis situasjonen er i Hordaland når det gjeld utviklinga i næringslivet. Mange pilar peikar oppover, men vi kan framleis spore etterverknader av finanskrisa. Bedriftsveksten har langt på veg stoppa opp og eksporten går noko ned også siste år.

Tal for utviklinga i høgste fullførte utdanningsnivå blant 30-39 åringar i Hordaland viser at det har skjedd store endringar på 2000-talet og tendensen til at ein stadig større del av befolkninga har høgare utdanninga, blir forsterka kraftig i denne aldersgruppa. Men framleis er dei med vidaregåande skole som høgste utdanning den største kategorien. Det som er urovekkjande er at tal for gjennomstrømming av elevar i vidaregåande skole viser at berre 60 % av elevane på yrkesfaglege studieretningar i Hordaland, har fullført utdanninga etter 5 år.

Hordaland er sterk på FoU, noko som i første rekkje skuldast ein sterk universitets- og høgskolesektor, medan næringslivet i Hordaland i noko mindre grad enn andre universitetsfylke, nyttar midlar på eigenutført FoU.

Det har vore vekst i kompetansearbeidsplassar i alle regionane i fylket og det er regionsentra som står for storparten av veksten i dei private kompetansearbeidsplassane.

Næringsbarometeret

Formålet med barometeret er å gje nokre svar på kva som er status for næringslivet i Hordaland og Sogn og Fjordane, korleis marknadsutsiktene for næringane er og korleis investeringar, sysselsetjing og offentleg verksemd påverkast. Les siste utgåve av Næringsbarometeret.

Statistikk

Her kan de finne fleire opplysningar, statistikkar, analysar og artiklar om desse emna:

Næring og arbeid

Arbeidsplassar (sysselsette) etter næring/sektor: Arbeidsplassar, bedrifter, eksport og verdiskaping, pendling og arbeidsmarknad. Tabellar kan opnast frå venstre meny.

Næringar

Regionalt utviklingsprogram (RUP) er eit felles handlingsprogram for regional utvikling i Hordaland. Programmet skal sikre at alle offentlege verkemiddelaktørar jobbar etter felles mål og strategier.

Prioriterte næringar og prioriterte satsingar
Bruttoprodukt etter næring, Hordaland og alle fylke
Eksport, hovudgrupper
Reiseliv, fiske og fangst, fiskeoppdrett og varehandel

FoU, innovasjon og kompetanse

FOU, innovasjon og kompetanse: Utdanningsnivå i kommunane, utdanningsnivå fylke, avlagte fagprøver, uteksaminerte kandidatar, avlagte doktorgradar, FoU-utgifter etter sektor, FoU-årsverk etter sektor og FoU-verksemd i næringslivet.

Samferdsel

Veg og transport og kollektiv- og drosjetransport.

Areal, bustad og miljø

Tettstadutvikling. Kommunedøra
Areal og bustad

Folketal

Befolkning: Folketal i kommunane, framskrivingar, folkevekst og flytting, innvandrarar, folketal i tettstadene, folketal i grunnkrinsane (og bydelane i Bergen)

Folkehelse

Hordaland fylkeskommune koordinerer fremjinga av folkehelsearbeidet i fylket. Det overordna målet er fleire leveår med god helse, og å redusera helseforskjellar. Ei så samansett utfordring krev ei samansett handling. Folkehelsearbeidet skjer i partnarskap mellom fylkeskommunen, fylkesmannen, kommunar, forskings- og utviklingsmiljø, friviljuge- og andre organisasjonar.

Meir om folkehelse
Røykjarar, friske tenner, sjukefråver, uføre, fødselsvekt 

Lenkjer

Fakta om Norge. SSB
Fylkesfordelt nasjonalrekneskap
Hordaland i tal
Næringsbarometeret 
Regionalt utviklingsprogram 
SSB Statistikkbanken
Statistikk og kart
Rapportar og analysar

Kontakt

Informasjonsseksjonen, tlf. 55 23 99 40

24.04.2012 10:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart