Soga om Hordaland

Namnet Hordaland
Hordafylket – tingkrins under Gulatinget
Eit hovudområde for kongsmakta
Kristendommen kjem til Hordaland
Len, amt, fylke
Litteratur og lenkjer

Onarheimsseglet

  

 

 

 

 

Onarheimsseglet.
Onarheimsseglet frå 1344 er utgangsmotivet for fylkesvåpenet, og fylkesvåpenet er nytta som hovudmotiv i fylkesordførarkjeda.

 

Namnet Hordaland

Hordane (Harudes) er først omtala av Caesar i boka om gallarkrigane om lag 50 år f.Kr. I Jordanes si framstilling av gotarane si historie ved midten av 500-talet e. Kr. er folkestamma Arothi nemnt. Av samanhengen ser det ut til at denne stamma heldt til i det området som i dag er Hordaland. ‘*harud-’ tyder truleg ‘krigar, helt’, og er kanskje opphavleg eit keltisk namn.

Landskapsnamnet Hordaland dukkar første gong opp i eit angelsaksisk skrift frå før år 800; ved byrjinga av vikingtida. Seinare kjelder viser at Hordaland i mellomalderen berre var namnet på dei ytre bygdene: Nordhordland og Sunnhordland. Tilbake

Hordafylket – tingkrins under Gulatinget

Hordafylket som var ein eigen tingkrins under Gulatinget, er nemnt første gong på 900-talet. Det femnde då om Nord- og Sunnhordland, Hardanger og Voss som kvar utgjorde ein fjordung (ein fjerdedel av fylket).

Vidare var kvar fjordung delt i skipreider. På 1000-talet var det sannsynlegvis 24 skipreider. I Magnus Lagabøtes testamente frå 1277 er talet på skipreider 32. I Nordhordland og Sunnhordland var det 22 skipreider, og i Hardanger og Voss 10. Auken i skipreider skuldast truleg folkevekst i kystbygdene. Korkje fylkestinga eller fjordungstinga ser ut til å ha hatt så mykje å seia i praksis. Bygdetinga for kvar skipreide var viktigare. Tilbake

Eit hovudområde for kongsmakta

Hordafylket var eitt av hovudområda for kongsmakta i mellomalderen. Her var tre sentrale kongsgardar: Fitjar, Alrekstad og Seim. Det var nok mektige hovdingeslekter som tidlegare hadde desse gardane.

Det var årmannen som styrde kongsgardane, men kongens fremste representantar i lokalsamfunna var lendmennene. I siste halvdel av 1100-talet vart årmann og lendmann erstatta av syslemannen. Syslemannen hadde oppgåver knytt til rettstellet, militære saker og innkrevjing av inntekter kongen skulle ha.

I seinmellomalderen var Hordafylket delt i fire sysler (forvaltningsområde): Bergen med Nordhordland, Sunnhordland, Voss og Hardanger. Sysleinndelinga kunne endra seg med dei ulike sysselmennene. Sysselmannen hadde sysla i len frå kongen. Frå 1280 utnemnde kongen ein lensmann for kvar sysselmann. Seint i mellomalderen vart syslene kalla for len styrde av ein lensherre. Først ut på 1600-talet vart lensinndelinga nokolunde fast med hovudlen, underlen og futedøme. Tilbake

Kristendommen kjem til Hordaland

Kristendomen kom tidleg til Vestlandet i høve til resten av landet. Olav Tryggvason skal ha bygd ei kyrkje på Moster i 995. Tusenårsjubileet for Den norske kyrkja vart difor markert her i 1995.

På Mostratinget i 1024 vart det bestemt at kvart fylke skulle ha ei hovudkyrkje, og at det dernest skulle byggjast kyrkjer i fjordungar og åttungar. Men dette mønsteret ser ikkje ut til å ha vore følgt. Det vart reist bygdekyrkjer, og velståande folk reiste private kyrkjer på eigen gard – høgendeskyrkjer.

Soknegrensene kom stort sett til å gå på tvers av skipreidegrensene. Etter reformasjonen vart som oftast fleire sokner slått saman til prestegjeld. Tilbake

Len, amt, fylke

Bergenhus len omfatta Hordaland og Sogn og Fjordane, og for kortare periodar også Sunnmøre. I Hordaland var dessutan Hardanger og Halsnøy kloster, Lyse kloster, Munkeliv kloster og St. Hans kyrkjegods, og Apostelgodset eigne len på 1600-talet.

Etter innføringa av eineveldet i Danmark-Noreg 1660 vart forvaltninga omskipa. Noreg vart ved ei forordning i 1671 inndelt i 4 stiftamt som omfatta i alt 12 amt styrde av stiftamtmenn (stiftsbefalingsmenn) og amtmenn.

Bergen, eller Bergenhus stiftamt, femnde om noverande Hordaland (Søndre Bergenhus), Bergen by, Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus) og Sunnmøre. I 1763 vart Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus) eige amt. Stiftamtmannen var fram til 1831 også amtmann i Søndre Bergenhus. Han var også medlem av stiftsdireksjonen som handsama kyrkjelege saker for heile stiftamtet.

I tidsrommet 1831-1907 var det eigen amtmann for Søndre Bergenhus. Då amtskommunen (fylkeskommunen) vart etablert frå 1838 var det amtmannen som vart øvste administrative leiar. Futane var amtskasserarar, og ein av dei var referent for amtstinget. Desse statlege embeta vart nedlagde 1900.

Frå 1919 vart nemninga amt avløyst av fylke og amtmann av fylkesmann. Samtidig vart Søndre Bergenhus endra til Hordaland. Bergen by låg under Bergens stiftamtmann til 1919 og deretter under fylkesmannen i Hordaland til 1972. Frå då vart Bergen fylke og Hordaland fylke slutta saman i det nye Hordaland fylke. Samstundes vart Bergen kommune oppteken i Hordaland fylkeskommune.

Kommunane

Heilt frå 1838 til 1964 var det ordførarane i kommunane (herada) som møtte som fylkestingsrepresentantar. Kommunane var med få unntak tufta på prestegjelda. I 1838 var det i alt 26 kommunar i det gamle Hordaland. Etterkvart vart mange sokner eigne kommunar slik at fylket før den store kommunesamanslåinga på 1960-talet, hadde 56 kommunar. Etter at denne omskipinga var endeleg gjennomført i 1977, vart talet 34. Frå 2002 vart Ølen kommune overført til Rogaland slik at det no er 33 kommunar i Hordaland.

Den nye fylkeskommunen I

Den omfattande fylkeskommunereforma vart sett i verk frå 1976 med det første direkte fylkestingsvalet året før. Fylkesrådmannen erstatta fylkesmannen som øvste administrative leiar for ein eigen fylkeskommunal administrasjon. Frå 1977 vart det innført direkte fylkesskatt.


Alt før 1976 var fleire regionale forvaltningsområde lagt til fylkeskommunen med oppbygging av fagetatar: sjukehusa (formelt frå 1970) med sjukehussjef frå 1966, vidaregåande skular frå 1964 med fylkesskulesjef, folketannrøkta 1964-, HVPU 1970-1991 og fylkesvegar.

Seinare vart ei rekkje andre område fylkeskommunale for stuttare eller lengre tid slik som kultur 1976-, somatiske sjukeheimar 1977-1987, samferdsel 1979-, barnevern 1980-2003, fagopplæring 1981-, rusvern 1985-2003, kulturminnevern 1990- og familievern 1998-2003.

I tillegg kjem overordna ansvar for fylkesplanlegging og regional utvikling. Største endringa i nyare tid er overføringa av spesialisthelsetenesta (sjukehus m.m.) til staten frå 2002.

Den nye fylkeskommunen II

Etter Forvaltningsreforma fekk fylkeskommunane frå 2010 mynde til å avgjera saker på fleire sektorar. Den største einskildoppgåva er overtaking av riksvegar med tilhøyrande ferjestrekningar. Fylkeskommunane får ein stor eigardel i Innovasjon Noreg og skal samarbeida om sju regionale forskingsfond. Målet er at fylkeskommunane skal styrkast som regionale utviklingsaktørar. Tilbake

Litteratur

Geir Atle Ersland: Hordaland – ein historisk region. I: Kulturhistorisk Vegbok Hordaland (1993), s. 32-36.
Karl Sjurseth: Hordaland fylke 1837-1937. (1937).
Karl Egil Johansen: På sjølvstyr i 150 år. Hordaland fylkeskommune 1837-1987. (1987).
NOU 2000: 22 Om oppgavefordelingen mellom stat, region og kommune.
St.meld. nr. 12 (2006-2007). Regionale fortrinn – regional framtid.

Andre lenkjer

Forvaltningsreformen. Kommunal- og regionaldepartementet 
Onarheimsseglet. Hordaland fylkeskommune 
Lokalhistorisk materiale om Hordaland på nett

Kontakt

Informasjonsseksjonen, tlf. 55 23 99 40  

05.11.2010 13:45
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart