Barnehagar
Det er 573 barnehagar i Hordaland, 222 offentlege og 351 private med 28 034 barn (2010).
Barnehagar, etter fylke. SSB
Grunnskulen
I Hordland fylke er det 300 skular (barne- og ungdomskolar) (3 080 på landsplan) med 60 103 elevar. 1 948 av desse elevane går på private grunnskular (2010).
Skolefakta på Skoleporten
Vidaregåande opplæring
Hordaland fylkeskommune har ansvaret for 46 vidaregåande skular og ein folkehøgskule som er finansiert av fylkeskommunen. Skolane har til saman ca. 18 000 elevar, medan ca. 4 000 lærlingar får fagopplæring i bedrift.
Meir informasjon om fagopplæring i Hordaland
Fylkeskommunen har også teknisk fagskuleutdanning ved fem skular og helsefagskuleutdanning ved to skular.
Meir informasjon om dei vidaregåande skolane i Hordaland fylkeskommune
Det er 10 private vidaregåande skular i Hordaland, med 2 198 elevar (2009).
Vaksenopplæring
Vaksne har rett til gratis vidaregåande opplæring og vurdering av realkompetanse. Retten gjeld frå det året du fyller 25 år, dersom du ikkje har fullført slik opplæring tidlegare.
Vaksenopplæringa i Hordaland fylkeskommune tilbyr gratis teoriopplæring til fagbrev og generell studiekompetanse. Undervisninga er tilrettelagt for vaksne.
Informasjon og kurstilbod for vaksne
Vaksne som ikkje har fullført utdanning på grunnskulenivå har rett til grunnskuleopplæring. Kontakt din kommune for nærare informasjon. Kommunane har òg ansvar for norskopplæringa for minoritetsspråklege vaksne.
Kommunane i Hordaland
Kommunar, fylkeskommunen, studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar og andre tilbyr òg vaksenopplæring og kompetanseutvikling.
Fagskuleutdanning
Fagskuleutdanning er praktisk og yrkesretta høgare utdanning som byggjar på fullført vidaregåande opplæring/fagbrev.
Ved fagskulane i Hordaland kan du velje mellom meir enn 20 fordjupingar innan fire ulike fagfelt: Helse- og sosialfag, marine og grøne fag, tekniske fag og maritime fag.
Informasjon og studietilbod på fagskulane i Hordaland
Annan vidaregåande utdanning - folkehøgskular
Det er 8 folkehøgskular (av desse ein fylkeskommunal) i Hordaland fylke – 78 på landsplan.
Folkehøgskulane er eitt-årige internatskular der undervisning, sosiale aktivitetar og internatmiljø utgjer ein heilskap. Folkehøgskulane er pensum- og eksamensfrie skular som skal fremje allmenndanning og folkeopplysning. Eit år på folkehøgskule gir tre tilleggspoeng ved opptak til offentleg høgre utdanning.
For å finne meir informasjon om den enkelte folkehøgskolen kan du gå inn på www.folkehogskole.no
Forsking og høgare utdanning
Hordaland og Bergen har nokre av dei fremste utdannings- og forskingsmiljøa i landet og er eit senter for forsking og høgare utdanning, særlig innanfor marin og maritim sektor.
Dei viktigaste institusjonane i denne samanhengen er Universitetet i Bergen (UiB), Norges Handelshøyskole (NHH), Samfunns- og næringslivsforskning (SNF), Chr. Michelsens institutt (CMI) og Chr. Michelsens Research AS, Havforskningsinstituttet, NUTEC AS (Norsk undervassteknologisk senter) og Høgteknologisenteret i Bergen (HIB).
Andre viktige utdanningsinstitusjonar i Hordaland er Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Kunsthøgskolen i Bergen, Bergen arkitektskole, Norsk lærerakademi (NLA), Sjøkrigsskolen og Haraldsplass diakonale høgskole.
Det er kring 30 000 studentar ved universitet og høgskular i Hordaland, nær 14 prosent av studentane i Noreg.
Database for statistikk om høgare utdanning. NSD
Forsking og utdanning i Hordaland er prega av internasjonalisering
Over 2 000 utanlandske studentar studerer i Bergen, og mange norske studentar reiser ut.
Studentar i utlandet. SIU
Det går også føre seg elevutveksling på vidaregåande nivå. Hordaland fylkeskommune har slike opplegg på Orknøyane, Skottland, i Thüringen, Tyskland, Frankrike, Cardiff i Wales og i Ungarn.
Skoleår i utlandet for elevar i vidaregåande skole.
Samarbeidsregionar - elevutveksling
Fakta og lenkjer
Les meir om barnehage, grunnskole, vidaregåande skole, folkehøgskole og universitet/høgskole på utdanning.no sine faktasider
Andre nyttige lenkjer
Særskilte opplæringsbehov
Senioruniversitet i Hordaland
Skoleportalen
Utdanningssystemet i Norge. SSB
vilbli.no
Kontakt
Informasjonsseksjonen, tlf. 55 23 99 40