Hordaland, med Bergen som tyngdepunkt, er eit viktig kultursenter i Noreg med eit svært mangfaldig kulturtilbod, prega av det fleirkulturelle innslaget i befolkninga. Kulturtradisjonar vert haldne i hevd samstundes som det skjer nyskapande utvikling av kulturlivet i regionen.
Fylket har fostra ei rekkje store og kjende komponistar, biletkunstnarar og forfattarar. Bergen har gjennom hundreåra vore ein viktig by i Nord-Europa, mellom anna ”hovudstad” i Noreg i mellomalderen.

Bokbåten Epos. Foto: Stian Wiik
Kunst og kulturinstitusjonar
Bergen har eitt av dei eldste symfoniorkestra i Europa, Bergen Filharmoniske Orkester, skipa i 1765.
Noregs første teater, Den Nationale Scene, vart etablert her i 1850 med m.a. Henrik Ibsen som instruktør dei første åra. Vidare har vi Bergen Internasjonale Teater, Hordaland Teater og danseteatret Nye Carte Blanche.
På operasida har vi både det offentlege selskapet Den nye opera og den private operaorganisasjonen Opera Bergen. Etableringa av Vestnorsk filmsenter i 1994 har vore viktig for utviklinga av filmiljøet i Hordaland.
Festivalby
Festspela i Bergen har internasjonalt ry og dei seinare åra har Bergen utvikla seg vidare til ein stor festivalby med tilbod i ulike genrar gjennom heile året. Innan populærmusikk, samtidsmusikk, jazz, film og dans har byen og regionen markert seg utover landegrensene.
”Torgdagen” er ein festival av lokal karakter som syner fram ”strilakulturen”. På matsida har vi Bergen matfestival, Tørrfiskfestival og den månadlege tilskipinga ”Bønder i byd´n”.
Musikk
”Bergensbølgen” med innovative musikkutrykk innan pop og rock har vorte eit omgrep dei siste åra, med ei lang rekkje artistar som har markert seg sterkt både nasjonalt og internasjonalt.
Folkesong– og musikk, særleg med Hardangerfela som hovudinstrument, står sterkt i bygd og by med mange framifrå utøvarar, mange av dei svært nyskapande.
Litteratur
Skrivekunsten står sterkt, særleg etter etableringa av Skrivekunst akademiet i Hordaland. Det finst fylkesbibliotek, folkebibliotek og fag- og forskingsbibliotek og skolebibliotek i Hordaland. Her er bokbussar og det unike mobile tilbodet Bokbåten.
Kulturtilbod rundt om i Hordaland
Her er eit rikt og variert kulturtilbod rundt om i fylket med spanande kulturtilskipingar som Hardanger Musikkfestival, Vossa Jazz og Nattjazz (Bergen), Mostraspelet, Rosendal Musikkfestival, Hardingtonar, Håkonarspela, Kystsogevekene, Poesifestivalen i Ulvik og kunstutstillingar i galleri rundt om i fylket som t.d. i Tusenårsstaden Kunsthuset Kabuso i Øystese.
Kulturnett Hordaland er ein felles inngangsport til kulturtilbod og kulturinformasjon om Hordaland på internett, tilrettelagt og finansiert av Hordaland fylkeskommune.
Museum og kulturminne
Hordaland er det store museumsfylket med nærare hundre små og store museum og samlingar, som sikrar og syner kulturarven. Her er ni museum med i alt 33 einingar under den offentlege tilskotsordninga.
Regionen er rik på kulturminne i bygd og by, m.a. mellomalderkyrkjer, profane bygningar frå mellomalderen, gardsanlegg, naustmiljø og enkeltståande bygningar, særleg i tre. Bryggen i Bergen har fått verdsarvstatus. Fleire veteranbåtar er restaurerte og vert nytta til turopplegg i turistsesongen og er viktige deltakarar ved festivalar for kystkultur og sjøverts kommunikasjon.
Idrett og friluftsliv
Hordaland har eit rikt og mangfaldig idrettsliv prega av både breiddeidrett og dei framifrå medaljevinnande resultata. Vi kan nemna Ekstremsportveko på Voss og mange andre sportslege arrangement.
Her er aktivitetar knytt til båt, kajakk og, kano – Hordaland er det leiande småbåtfylket i landet med 8 740 km kystline. Vidare aktivitetar knytt til fiske, golf, riding, fjellturar, paragliding, skisport, skøyter, rafting og vassport. Her er tilrettelagde kultur- og trimløyper som Nordsjøløypa og Nordsjøsykkelruta.
Lenkjer
Bibliotek i Hordaland
Bokbåten Epos
Den kulturelle skolesekken Hordaland
Fotografi frå Hordaland
Kulturkort for ungdom
Kystlag i Hordaland. Forbundet Kysten
Kulturminnevern og museum
Reiselivnæringar i Hordaland
Kulturnett Hordaland
Arkiv
Galleri
Institusjonsregister
Kulturhus
Museum
Teater
Ulike andre kulturinstitusjonar
Kontakt
Informasjonsseksjonen, tlf. 55 23 99 40