Om Hordaland

Plassering. Landskap

Hordaland fylke ligg i sørvest Noreg, sentralt på Vestlandet mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensar fylket til Buskerud og Telemark og i vest til Nordsjøen, med Skottland på hi sida av havet. Landskapet er variert og storslått med høge fjell, fjellplatå – Hardangervidda, fjordar, imponerande fossefall, isbrear – Folgefonni i sør og Hardangerjøkulen i aust, øyer, skjer og lune vikar.

Hordaland er det einaste fylket der alle kommunane grensar til sjøen. Frå Fedje.

Folket

Hordaland har 484 240 innbyggjarar (01.01.2011), om lag 10 % av det totale folketalet i landet, og er det tredje største fylket i landet rekna etter folketal. Hordaland er eit tverrkulturelt fylke med kring 33 000 utanlandske statsborgarar fordelt på vel 150 ulike nasjonalitetar.

På denne bakgrunnen er kulturlivet og det religiøse livet i Hordaland mangfelt. Kristendomen kom tidleg til Vestlandet i høve til resten av landet. Olav Tryggvason skal ha bygd ei kyrkje på Moster i 995.

Tusenårsjubileet for Den norske kyrkja vart difor markert her i 1995 og her vert det årvisse Mostraspelet framført. I dag er her ca. 65 ulike trussamfunn (2010): kristne, protestantar – det store fleirtalet – og katolikkar, frikyrkjelege kristne trussamfunn og vidare muslimar, hinduar og buddhistar.

Folkemengd etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap. SSB
Trus- og livssynssamfunn i Hordaland. Fylkesmannen i Hordaland

Forvaltning

Noreg har tre forvaltningsnivå: Statsforvaltninga med Stortinget, regjeringa, departement og direktorat og tilsyn, regionalforvaltninga med fylkeskommunane og lokalforvaltninga med kommunane.

Staten er representert i fylket ved fylkesmannen, kongen og regjeringa sin representant. Hordaland fylkeskommune sin administrasjon ligg i fylkeshovudstaden Bergen. Her er og statlege regionkontor og nasjonale statlege direktorat.

Fylket er delt inn i 33 kommunar av svært ulik storleik frå Modalen med 370 innbyggjarar til Bergen med over 260 392 (01.01.2011). 

Fakta om Norge. SSB
Fylkesmannen i Hordaland
Fylkesordføraren
Kart over kommunane i Hordaland | Liste 
Politikk og forvaltingsorgan i Hordaland
Vestlandsrådet

Fleire lenkjer

Bilete frå Hordaland
Fylkesblomen, fylkesfuglen og fylkessteinen. Miljøstatus Hordaland 
Hordaland i tal 
Kommunefakta
Kulturhistorisk vegbok Hordaland/Grind 2009. Universitet i Bergen og Hordaland fylkeskommune
Reiseliv
Årsmeldingar for Hordaland fylkeskommune

Hordaland - The Central County of Western Norway

Kontakt

Informasjonsseksjonen, tlf. 55 23 99 40

03.05.2011 08:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart