TT-kort for fritidsreiser

Funksjonshemma i Hordaland kan få støtte til fritidsreiser med drosje med TT-kort.

Kven kan søkje om å bli godkjent som brukar?

  • Ordninga gjeld personar over 9 år som er fast busett i Hordaland og som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss.
  • Rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte er prioriterte i ordninga, men andre med nedsett mobilitet kan og søkje.
  • Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst 2 år.
  • Personar med fast plass i institusjon vert berre godkjend som brukar dersom dei er avhengig av rullestol eller er blind/sterkt svaksynte.

Kva kan du søkje om?

Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukarar).

Korleis søkjer du?

Søknaden består av to skjema: eigenerklæring og legeerklæring. Du fyller sjølv ut eigenerklæringa. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege. Begge skjema må vere fylt ut før søknaden blir handsama. Send skjema samla til fylkeskommunen eller bustadkommunen;

Er du busett i Bergen kommune sender du søknaden til:
Hordaland fylkeskommune
Samferdselsavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen. 

Er du busett i kommunane utanom Bergen, sender du søknaden til heimkommunen din.

Søknad

Eigenerklæringa skal du som brukar sjølv fylle ut. Du må vende deg til legen din, for å få fylt ut legeerklæringa. Begge skjema må vere fylt ut før søknaden blir behandla. Vi rår til at desse blir sendt saman til fylkeskommunen eller bustadkommunen.

Eigenerklæring

Legeerklæring

Kven behandlar søknaden?

Fylkesdirektør samferdsel gjer vedtak i saka på grunnlag av ei tilråding frå den fylkeskommunale legenemnda. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla. Får du avslag kan du klage til den fylkeskommunale klagenemnda.

Godkjenning som brukar

Som brukar av transportordninga får du eit elektronisk TT-kort med bilde. Alle søkjarar som blir godkjent, får saman med godkjenningsvedtaket tilsendt eit vedlegg med plass for liming av passfoto. Vedlegget skal returnerast til kortprodusenten for utferding av TT-kortet. Passfoto skal difor ikkje sendast inn saman med søknaden. Godkjenning som brukar av transportordninga for funksjonshemma blirt gjeve for 2 eller 4 år om gongen.

Påfylling av TT-kortet

Alle som får TT-kort får ein fast sum på kortet. TT-kortet blir fylt opp automatisk to gonger i året: 1. januar og 1. juli. TT-kortet skal vare i fleire år og det blir ikkje sendt ut nytt kort før påfylling. Unytta kvote blir overført ved kvoteskiftet 1. juli. Unytta kvote blir ikkje overført ved årsskiftet 1. januar.

 

Kvotebeløp

Godkjente brukarar av transportordninga får inntil vidare tildelt følgjande kvotar til fritidsreiser:

Kven:Kvote:
Brukarar over 67 år kr. 4500,- pr. år
Brukarar under 67 år kr. 5500,- pr. år
Blinde/sterkt svaksynte (under visus 0,1) kr. 7500,- pr. år
Rullestolbrukarar med manuell rullestol kr. 7500,- pr. år
Rullestolbrukarar med elektrisk rullestol eller som treng spesialbil

kr. 9500,- pr. år

 

Som elektrisk rullestol i denne samanheng blir ikkje å rekna «overbygde rullestolar», kraftige offroad-rullestolar til utandørsbruk eller scootarar. 

Brukarar som bur meir enn 20 km frå næraste servicesenter (post/butikk etc) får eit tillegg på kr. 1000 pr. år.

For ektepar/sambuarar som begge er godkjente brukarar av ordninga blir kvotane redusert med 25 prosent i forhold til det vedkommande ville hatt krav på etter reglane ovanfor. 

Godkjente brukarar med tilgang til bil i husstanden får redusert kvoten sin med 25 prosent.

Kvotereduksjonen gjeld ikkje blinde/sterkt svaksynte eller rullestolbrukarar.

Korleis bruke tt-kortet?

  • Du må sjølv bestille drosje
  • Du må vise tt-kortet til sjåføren innan turen startar, for å sikre at kortet er gyldig og at det er nok penger på kortet
  • Når turen er over, må du betale minst 15 prosent av turens totalbeløp i eigenandel. Resten av turkostnaden blir trekt av tt-kortet. 

Dersom kortet ikkje virker kan du bestille nytt tt-kort.

Profilbilde av Kontakt samferdselsavdelinga
Kontakt samferdselsavdelinga
55 23 93 63