Arbeidskøyring

Funksjonshemma som har varig tilrettelagt arbeid (VTA) kan søkje om tilskot til transport mellom heim og arbeid.

Desse kan søkje om stønad til transport til og frå arbeid

  • Varige uføretrygda personar som deltek i eit varig tilrettelagt arbeid (godkjent VTA-plass) og som treng særskilt tilrettelagt transport til og frå arbeid.
  • Søkjar må vere godkjent TT-brukar.
  • Søkjar må ha varige forflytningsvanskar som medfører at han eller ho ikkje kan reise til og frå arbeidet med vanleg offentleg transport.
  • Reisa må føre til så store belastningar at det ikkje er rimeleg å krevje at ein skal nytte offentleg transport.

Slik søkjer du

  • Søknaden består av to skjema: eigenerklæring og legeerklæring.
  • Du fyller sjølv ut eigenerklæringa. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte buss eller anna offentleg transport.
  • Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege. Her må det gå fram at du har varige forflytningsvanskar. 
  • Begge skjema må vere fylt ut før søknaden blir behandla. 
  • Du fell utanfor ordninga dersom du har fått bil gjennom folketrygda. 
  • Det må sendast stadfesting frå arbeidsgjevar at du har godkjent VTA-plass.

Send søknaden til

Hordaland fylkeskommune,
Samferdselsavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen.

Søknadskjema for arbeidskøyring

Eigenerklæring

Legeerklæring

Slik blir søknaden behandla

Fylkesdirektør for samferdsel i Hordaland fattar vedtak i saka på grunnlag av ei tilråding frå den fylkeskommunale legenemnda. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla. Eit eventuelt avslag kan påklagast til samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.

Godkjenning som brukar

Alle søkjarar som blir godkjent får saman med godkjenningsvedtaket tilsendt eit vedlegg for registrering av arbeidstider m.v.. Dette skjema skal returnerast til samferdselsavdelinga som sender desse opplysningane vidare til transportøren.

Du må betale eigendel for slik transport. Eigendelen er 100 kr. pr. arbeidsdag pr. mnd.

Profilbilde av Grethe Søviknes
Grethe Søviknes
55239368