TT-kort og arbeidskøyring

Utdrag frå retningslinjene

Innbyggjarar i Hordaland som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det offentlege rutetilbodet, kan søkje om å bli godkjent som brukar av transportordninga.

Les retningslinjene

Funksjonshemma i Hordaland kan få økonomisk støtte til reiser. Dette gjeld personar som ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet. For desse kan vi tilby tilrettelagt transport med drosje eller spesialbil. Ordninga skal ikkje erstatte eit dårleg eller manglande kollektivtilbod.

Du kan få økonomisk støtte til fritidsreiser med drosje. Søknad sendast Hordaland fylkeskommune. Du får då eit TT-kort til betaling av reisa. TT-kort til fritidsreiser blir prioritert blinde, sterkt svaksynte og faste rullestolbrukarar. Personar med sterkt nedsett mobilitet kan og søkje.

Personar som har TT-kort og har tilrettelagt arbeid (VTA) kan og søkje om støtte til arbeidskøyring. Personar med varig funksjonshemming som har ordinært arbeid må søke støtte frå NAV til arbeidskøyring. 

Tenester

Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel.

Sjå heile oversikta

FORNØGD TT-BRUKAR

Aktiv og spontan fritid med TT-kortet

– Hadde det ikkje vore for TT-kortet hadde eg blitt sittande mykje heime. Ordninga gjer at eg kan være både spontan og sosial på fritida, seier Jan Helge Jakobsen (78), som er blind og rørslehemma.

Han legg til at det fine er at han blir køyrd heilt frå dør til dør, og ikkje treng tenke på korleis han skal finne finne frem.Han har stor glede av TT-kortet og bruker det mellom anna når han skal besøke familie og barnebarn, gå på vaffelkafé hos blindeforbundet eller til dei faste møta med barndomsvenene på Wesselstuen. TT-kortet gjer at han kan ha ei aktiv fritid.

- Særleg det at eg kan bestille transport på eiga hand, utan å være avhengig av å ha andre med meg, gir meg stor fridom, seier Jakobsen.