Tilskot til utarbeiding av kommunale trafikksikringsplanar

Kommunar kan søkje om tilskot til å utarbeide oppdaterte trafikksikringsplanar.

Kven kan søkje?

Alle kommunar i Hordaland kan søkje.

Kva kan kommunar søkje om?

Kommunar kan søkje om tilskot til å utarbeide trafikksikringsplanar. Ale kommunar bør ha sin eigen trafikksikringsplan. Disse planane er viktige verktøy når fylkeskommunen skal prioritere tiltaka i dei ulike kommunane.

Korleis søkjer kommunen?

Det er ikkje eige søknadskjema. Send søknaden til hfk@hfk.no. Merk e-posten 2014/13696. 

Kva skal søknaden innehalde?

Søknaden skal gje ein oversikt over arbeidet som skal setjast i gang, samt ha med eit budsjett for å etablere planen, inkludert kostnader til evt. konsulenthjelp. Tilskotet kan gå til kjøp av konsulenttenester og trykking. Tilskotet kan ikkje gå til bruk av administrative kostnader og driftsutgifter.

Kor mykje pengar er avsett til føremålet?

Den årlege summen er 500 000 kroner.

Høyringspart

Fylkeskommunen er høyringspart for planen, og endeleg plan skal sendast til Hordaland fylkeskommune.

Profilbilde av Lise Fauskanger Ådlandsvik
Lise Fauskanger Ådlandsvik
55239156