Tilskot til mindre fysiske trafikksikringstiltak i kommunane

Hordaland gjev tilskot på inntil 250 000 kr til fysiske trafikksikringstiltak på fylkes- og kommunevegar.

Kven kan søkje?

Alle kommunar i Hordaland kan søkje om tilskot. Årleg sum til tiltaket er om lag to millionar kroner.

Kva kan kommunar søkje om?

Kommunane kan søkje om tilskot til små trafikksikringstiltak med høg priroitet. Hordaland fylkeskommune ønskjer å styrke det målretta trafikksikringsarbeidet i kommunane, og få gjennomført trafikksikringstiltak som elles ikkje når opp på prioriteringslista når investeringane på fylkesvegbudsjettet blir vedteke. Tiltak som er høgt prioritert i kommunane sine trafikksikringsplanar er ofte små tiltak som likevel kan vere av stor betydning.

Maksimal søknadssum

Totalt kan ikkje eit tiltak overskride 250 000 kroner. Det blir kravd kommunal eigendel på minst 30 prosent av tiltaket sin totale kostnad. 

Retningslinjer (pdf)

Rapporteringskjema for 2015 (pdf)

Rapporteringsskjema for 2016 (pdf)

Rapporteringsskjema for 2017 (pdf)

Profilbilde av Lise Fauskanger Ådlandsvik
Lise Fauskanger Ådlandsvik
55239156