Tilskot til lokale trafikksikringsarrangement

Hordaland fylkeskommune gjev tilskot til lokale trafikksikringsarrangement til kommunar, skular, barnehagar, lag, foreningar og organisasjonar.

Kven kan søkje?

Alle kommunar i Hordaland, skular, barnehagar, lag, foreningar og organisasjonar kan søkje. Det er årleg sett av 800 000 kroner til tilskotsordninga.

Kva kan du søkje til?

Du kan søkje tilskot til å arrangere lokale trafikksikringsarrangement. Tilskotsordninga gjeld ikkje fysiske tarfikksikringstiltak.

Krav om eigendel

Arrangement med ei kostnadsramme på over 30 000 kroner har krav om ein eigendel på minimum 25 prosent. I dei søknadane der det er sett krav til eigendel, må kostnadane ved eigendel kome tydeleg fram i søknadsskjemaet. Eigeninnsatsen (timar) må synleggjerast. Personalkostnader/eigendel blir rekna ut etter ein timepris som utgjer 1,2 prosent av årslønn, maksimum 1100 kroner pr time. Dette inkluderer normale administrative kostnader og andre overheadkostnader. Tilskotmidlane kan ikkje dekke administrative kostnader og andre driftsutgifter.

Søknads- og rapporteringsskjema

Søknad om tilskot skjer på eige skjema. Når arrangementet er ferdig, skal eit rapporteringsskjema, inkludert rekneskap, fyllast ut. Utbetaling av tilskot skjer i etterkant av at rapporteringsskjema er motteke.

Rapporteringsskjema for 2017 (pdf)