Trafikksikring

Handlingsplan for trafikksikring

Handlingsplan for trafikksikring 2014-2017 skal vere retningsgivande for alt trafikksikringsarbeid i Hordaland.

Les handlingsplanen

Hordaland fylkeskommune er lovpålagt å ha eit særleg ansvar, og koordinerande rolle for trafikksikringsarbeidet i fylket.

Grunnlaget for trafikksikringsarbeidet er ein handlingsplan over fire år. Planen skisserer særskilde satsingsområde i perioden, og gjev oversyn over økonomiske rammer og fordeling av midlane. 

Trafikkulykker er eit alvorleg samfunnsproblem. Hordaland har fleire ulukker enn gjennomsnittet i landet, og har store utfordringar knytt til å redusere både tal og omfang av trafikkulykker.

Fylkeskommunen har tre ulike tilskotsordningar til trafikksikring. To av ordningane er for kommunane i Hordaland, mens tilskotsordninga til lokale trafikksikringsarrangement kan både kommunar, skular, barnehagar, lag, foreningar og organisasjonar søkje på.

Tilskot og handlingsplan

Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel.

Sjå heile oversikta

Vaksdal satsar på trafikksikring

- Opp gjennom åra har vi mista for mange ungdomar i trafikken. Det viser at trafikksikringsarbeid er viktig, seier ordførar Eirik Haga i Vaksdal. Kommunen har fått støtte frå fylkeskommunen til arbeidet.

Konseptet "trafikksikker kommune" er eit nybrottsarbeid av Trygg Trafikk i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

- Trafikksikringsarbeidet er vidt, og handlar om mange ulike aspekt, seier distriktsleiar Knut Olav Røssland Nestås i Trygg Trafikk. (Foto: Mona Mekki/Vaksdal kommune)