Kollektivtransport

Sagt om Skyss:

Skyss skal vere ein reiskap for kjøp av transporttenester og realisering av Hordaland fylkeskommune sine mål og strategiar innan kollektivtrafikken

Gå til skyss.no

Skyss organiserer nesten all kollektivtransport i fylket, etter dei budsjett som politikarane vedtek. Skyss har ansvar for å setje i verk strategiar og tiltak for å nå dei politiske måla for kollektivtrafikken i Hordaland og skal bidra til å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet i fylket.

Skyss tildeler kontraktar for køyring av buss, bybane, snøggbåt og ferjer i Hordaland til trafikkselskap etter anbodskonkurransar. Skyss planlegg rutene, måler kvaliteten i tilbodet og følgjer opp trafikkselskapa. Informasjon om og marknadsføring av buss og bybane er Skyss sitt ansvar. Skyss har også dette ansvaret for båtrutene Kleppestø - Strandkaien, Nordhordland - Bergen, Sunnhordland - Austevoll - Bergen og lokalbåt Austevoll. 

Skyss er organisert som ei eining under samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Tenester

Her er nokre av Skyss sine mest populære tenester

Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel.

Sjå heile oversikta