Søk drosjeløyve

Løyvet er behovsprøvd, og talet på løyve er avgrensa og underlagt politisk vurdering. Det er for tida ingen ledige drosjeløyve.

Drosjeløyve blir tildelt av Hordaland fylkeskommune. Det gir innehavaren rett og plikt til å drive persontransport utanfor rute mot vederlag med bil registrert for inntil 9 personar, eller med bil registrert for 10-17 personar tilrettelagt for rullestolstransport.

Det er berre mogeleg å søkje når eit drosjeløyve er ledig. Ledige drosjeløyve blir kunngjort i lokalpressa og på eiga side på denne nettstaden. Du søkjer på eige søknadsskjema.

Under føresetnad av at søkjarane oppfyller vilkåra blir drosjeløyve tildelt på grunnlag av ansiennitet som fulltids drosjesjåfør eller på grunnlag av Hordaland fylkeskommune sitt skjøn.

Vilkår for løyve

Hovud- og reservedrosjeløyve i Bergen køyreområde - søknadsfristen er ute!

Styrarordning

Dersom ein løyvehavar på grunn av eigen alvorleg sjukdom eller skade blir mellombels ute av stand til å leie og drive drosjeløyve, kan han/ho søkje om styrarordning. Styrarordning blir godkjent for 1 år om gongen, maksimalt 3 år. Løyvehavar må søkje om fornying av styrarordning kvart år.

Retningslinjer for styrarordning

Søknad om styrarordning

Styrarkontrakt

Friskmelding

Reglement

Profilbilde av Gerd Eva Napsøy
Gerd Eva Napsøy
55239365