Løyve for persontransport

Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy

Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass.

Yrkestransportlova

Dei som vil drive med persontransport mot vederlag i Hordaland, må søkje Hordaland fylkeskommune om løyve. Du kan søkje om løyve for drosje, selskapsvogn og transport av funksjonshemma. I tillegg kan du søkje om ruteløyve for buss, båt eller ferje.

Gods- og turvognløyve og fellesskapstillatelse søkjer du hos Statens vegvesen.

For riksvegferjer er Vegdirektoratet løyvestyresmakt.

Søk løyve

Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel

Sjå heile oversikta