Kontaktutvalet for E39 Hordfast

Hovudmålet med kontaktutvalet er å sikre at kommunar, næringsliv og befolkning i Hordaland og på Vestlandet får den beste og raskaste utbygginga av E39 mellom Bergen og Stavanger, med særleg fokus på strekninga mellom Os og fylkesgrensa til Rogaland.

I første fase vil arbeidet særleg leggje vekt på på strekninga E39 Stord-Os, men etter kvart òg den vidare strekninga mot fylkesgrensa. I dette ligg rask byggestart og ferdigstilling av prosjekta, at lokale omsyn blir høyrt og ivaretatt og at vegen blir framtidsretta og i samsvar med regionale og kommunale planar.

Delmål for arbeidet i kontaktutvalet er:

  1. Sikre raskast mogleg framdrift for ny E39 ved å arbeide for innkorting av planleggingstid.
  2. Arbeide for å få inn E39 Hordfast inn i NTP 2018-2027 med byggjestart tidleg i første periode av handlingsprogrammet. Utvalet skal vidare arbeide for at dette vert følgt opp dei påfølgande statsbudsjetta (St.prp. 1).
  3. Målbere Hordaland fylkeskommune og kommunane sine interesser inn i planprosessane og den statlege reguleringa av strekningane på E39 mellom Bergen og Aksdal.
  4. Leggje til rette for dialog og samordning av bodskap frå Vestlandet slik at vi talar med ei stemme overfor sentrale myndigheter.
  5. Førebu finansieringsgrunnlag, inklusiv ein eventuell bompengesøknad.

Kven er med i kontaktutvalet

  • ordførarane i kommunane i Sunnhordland, og Os og Fusa og byråd for byutvikling og miljø i Bergen kommune
  • næringsråda i dei same kommunane
  • LO
  • NHO
  • fylkestinget i Hordaland ved fylkesordførar, leiar av samferdselsutvalet og opposisjonsleiar

Kontaktutvalet har eit arbeidsutval (AU) som er samansett av ordførarane i Os, Stord og Fitjar, byråd for byutvikling og miljø i Bergen, NHO og LO, samt leiar av samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland sine representantar på Stortinget samt opposisjonsleiar i fylkestinget er observatørar i både kontaktutvalet og i AU.

Hordaland fylkeskommune ivaretek sekretariatet for kontaktutvalet. Fylkesordførar er leiar av både AU og av kontaktutvalet.