E39 Hordfast

E39 Stavanger–Bergen skal gjennom ei framtidig stor oppgradering og bli ferjefri. Strekninga mellom dei to vestlandsbyane er delt opp i seks delprosjekt, E39 Stord–Os er eitt av dei.

Om E39 Stord - Os på vegvesen.no

Hordfast skal bli ein del av ein firefelts samanhengande motorveg mellom Bergen og Stavanger. Den skal halvere dagens reisetid.

Eit kontaktutval skal sikre at kommunar, næringsliv og befolkning i Hordaland og på Vestlandet får den beste og raskaste utbygginga av E39 mellom Bergen og Stavanger, med særleg fokus på strekninga mellom Os og fylkesgrensa til Rogaland.

Frå planlegging til bygging

Hordaland fylkeskommune tilrettelegg for at kommunar og statlege etatar skal kome raskast mogleg fram til byggestart for E39 Hordfast. Her har vi samla viktig informasjon om planprosessen.

Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel.

Sjå heile oversikta

Nokre milepelar

Statleg regulering

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ga i desember 2013 beskjed til kommunane langs E39 mellom Bergen og Aksdal at trase for strekninga var valt og at dei vil nytte statleg regulering i den vidare planprosessen.

Statleg regulering blir av og til nytta til større prosjekt med nasjonal tyding. Ein statleg plan bygger på lokal einigheit, og kommunane og fylkeskommunen behandlar plantemaene før staten treff ei endeleg avgjerd.

Traseen som er velt for strekninga innber at det må byggast ei bru over Bjørnefjorden.

NTP 2018 - 2029

Nasjonalt transportplan er stortinget og regjeringas overordna styringsdokument for utbygging av transport og samferdsle i Norge. Planen vedtekast for ti år i gongen, og rullerast kvart fjerde år.

Det er nasjonal transportplan som avgjer om prosjektet får finansiering i dei komande statsbudsjetta, det er difor avgjerande for eit prosjekt å bli omtala i transportplanen.

E39 Hordfast har nådd fyrste milepel og er omtala i etatsforslaget til NTP 2018 - 2029.