Fylkesvegar

Regional transportplan for Hordaland

Regional transportplan for Hordaland (RTP) vil først og fremst vere eit politisk styringsdokument og planleggingsverktøy for å bidra til ei positiv utvikling i Hordaland gjennom ein aktiv og heilskapleg samferdslepolitikk. Som ein del av gjennomføringa av RTP vil det også bli utarbeidd årlege handlingsprogram.

Regional transportplan

Hordaland fylkeskommune er den største vegeigaren i fylket, med ansvar for omlag 3000 kilometer veg. Hordaland er det fylket i landet som brukar mest pengar på vegane. Det blir brukt omlag 1,8 milliardar kroner årleg fordelt på drift, vedlikehald, investeringar, skredsikring, ferjer og miljøtiltak.

Hordaland er og det største bompengefylket i landet. Bilistane betalar i underkant av to milliardar kroner årleg.

I tillegg til fylkesvegane har Hordaland fylkeskommune ansvar for ferjesamband. Totalt er det 18 ferjesamand i fylket. Fylkeskommunen driftar 16 av desse. Halhjem-Sandvikvåg er staten sitt ansvar og Breistein-Valestrandsfossen er i privat regi.

Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel.

Sjå heile oversikta

Raskare og tryggare vegar

Det er blitt raskare og sikrare å køyre bil i Hardanger og Bergen. Folkedalstunellen i Granvin har fjerna rasfarlege flaskehalsar, og Knappentunnelen har korta ned reisetida mellom Bergen sentrum og flyplassen. Dei to fylkesvegprosjekta til nærmare 1,9 milliardar kroner blei opna i november 2015. I Granvin er det bygt 2325 meter ny veg og tunnel langs fylkesveg 7 ved det rasutsette Haukenesberget. 

Ringvei vest er no blitt den raskaste vegen mellom Bergen sentrum og Bergen lufthamn Flesland. Det er bygd ny firefelts veg frå Liavatnet til Dolvik. Totalt er Knappentunnelen 7,2 kilometer lang. I tillegg er det bygd nye kryss ved Liavatnet og Sandeid, og gang og sykkelvegar i området. Benthe Bondhus, fylkespolitikar og medlem av den nasjonale rassikringsgruppa, brukte sag då ho opna Folkedalstunellen i Granvin, med hjelp av avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen.