Rett til gratis utdanning

Vaksne har rett til gratis vidaregåande utdanning, realkompetansevurdering og studierettleiing. Retten gjeld frå det året du fyller 25.

Du har voksenrett viss du:

  • fyller 25 år eller meir det året du søker
  • har fullført grunnskule eller tilsvarande
  • ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare
  • søker i heimfylket ditt (Hordaland)

  • har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)

Kontakt oss om du lurer på noko. Vi kan hjelpe deg å fullføre vidaregåande opplæring.

Kontakt ditt næraste Senter for voksenopplæring

Fullføringsrett

Vaksne som har fått fått plass på vidaregåande opplæring har  rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om du ikkje har vaksenrett.

Nye grupper som kan få voksenrett

Det er to nye grupper som kan få rett til gratis vidaregåande utdanning frå august 2017. Det er

  • Vaksne under 25 år som står utan fullført vidaregåande opplæring
  • Vaksne som har vidaregåande utdanning frå eit anna land, og som ikkje er godkjent i Noreg

Lovendringa har vore ute på høyring, og vi venter no på stadfesting av endringa.

Kontakt eit Senter for voksenopplæring

Når du søker utdanning hos oss får du eit vedtak på om du har voksenrett eller ikkje frå senteret du søker til. Har du spørsmål om vaksenrett kan du kontakte det senteret som er nærast for deg. 

Utdanning tilpassa vaksne

Vi tilbyr gratis vidaregåande utdanning på deltid og heiltid. Utdanninga er tilpassa vaksne og kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse.

Undervisninga startar som regel i august eller januar. Alle kan søke, men vi prioriterer søkarar med vaksenrett ved inntak. Undervisninga er gratis for alle som får plass.

Vidaregåande utdanning for vaksne

Realkompetanse

Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla deg gjennom arbeid, fritid og utdanning.

Ei realkompetansevurdering vil stadfesta kva kunnskap du har fra før og kva fag du treng opplæring i. Alle som får vurdert realkompetansen sin har rett på eit kompetansebevis.

Kontakt ditt næraste senter for vaksenopplæring med spørsmål om realkompetansevurdering. Har du vaksenrett er tenesta gratis.

Studierettleiing

Viss du har spørsmål om utdanning eller realkompetansevurdering kan du kontakte ditt næraste senter for vaksenopplæring. Kontakt ditt næraste Senter for vaksenopplæring  Har du vaksenrett er alle tenestene gratis.

Grunnskule og norsk

Viss du har behov for opplæring i norsk eller grunnskule kan du kontakte kommunen din.

Kommunen du bur i kan tilby opplæring i grunnleggjande norsk. Kommunen kan òg vurdere realkompetansen din, gi grunnskuleopplæring og dokumentasjon på fullført grunnskule.

På denne sida kan du finne kommunen din.

Spør oss

 

Send spørsmål til voksenopplæringa

Send oss eit spørsmål viss du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Har du spørsmål?
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30