Bli helsefagarbeidar (fagbrev)

Vi tilbyr gratis opplæring for voksne i helsearbeidarfaget.

Vi tilbyr full opplæring for deg utan arbeidserfaring, og opplæring på deltid for deg som har erfaring frå yrket.

Full opplæring for deg utan arbeidserfaring

  • Vg1 Helse og oppvekstfag
  • Vg2 Helsearbeidarfaget
  • Oppstart: August 2017
  • Kursstad: Bergen, Sotra, Stord

Kurset er fleirårig og går over fleire vekedagar. Tilbodet kan variere noko på dei ulike kursstadene.

Utdanning på deltid for praksiskandidatar

  • Oppstart: August 
  • Frammøte: Deltid, 1-2 dagar / kveldar i veka
  • Varigheit: Eitt år
  • Kursstad: Bergen, Sotra, Stord

Utdanninga er gratis og tilpassa voksne med erfaring frå yrket. Undervisninga fører fram til tverrfagleg eksamen på VG3-nivå. Med bestått eksamen og godkjent praksis i yrket kan du ta fagbrev som praksiskandidat.

Kven kan søke?

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett ved inntak, men alle kan søke. Undervisninga er gratis for alle som får plass. Vi tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett.

Korleis søker eg?

Du kan søke via nettsidene til senteret som tilbyr opplæringa.

Søknadsfrist: 1 juni

Søk utdanning for voksne

Du kan søke i vigo.no eller søke elektronisk via nettsida til senteret som tilbyr utdanninga.
Alle kan søke, men vi prioriterer søkarar med voksenrett. Utdanninga er gratis for alle som får plass.

Viss du har spørsmål kan du kontakte senteret som tilbyr utdanninga. Det kan variere kva senter som har ledige plassar.

Bergen

Skal du søke på Knarvik må du sende søknaden til Åsane vgs.

Åsane videregående skole

Sotra

Sotra vidaregåande skule

Stord

Stord vidaregåande skule

Voss

Voss vidaregåande skule