Kurs og utdanning voksenopplæring

Vi tilbyr gratis vidaregåande opplæring for voksne. Undervisninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse.

Kurs for vaksne 2017

Vi tilbyr desse faga for vaksne med oppstart i januar:

Kursa er på deltid og tilpassa voksne. Studiespesialiserande fag kan du og ta på heiltid. Lista er no oppdatert.

Søk via nettsida til senteret som tilbyr utdanninga

Alle kan søke, men vi prioriterer søkarar med voksenrett. Vi har inga søknadsfrist, men ønsker søknaden din snarast råd.

Fagtilbod som startar i august vil bli annonserte innan april same år.

Utdanningstilboda hausten 2016

Faga for 2016 har starta. Vi gjer merksam på at fagtilboda kan endre seg frå år til år.

Bygg- og anleggsteknikk

Byggdriftarfaget (utsett til 2017)
Industrimålarfaget *
Murarfaget *
Målarfaget *
Reinhaldsoperatørfaget
Rørleggarfaget
Tømrar (Også tilbod på Vg1, Vg2)

Design og håndverk

Fotograffaget *
Frisørfaget *
Profileringsdesignfaget *

Elektrofag

Elektrikarfaget (Også tilbod på Vg1, Vg2)

Helse- og oppvekstfag

Barne- og ungdomsarbeidarfaget (Også tilbod på Vg1, Vg2)
Helsearbeidarfaget (Også tilbod på Vg1, Vg2)
Helseservicefaget
Helsesekretærfaget
Tannhelsesekretærfaget

Naturbruk

Agronom
Akvakultur
Gartnar

Restaurant- og matfag

Kokk
Institusjonskokk *
Servitør
Sjømatproduksjon

Service- og samferdsel

IKT-servicefag *
Kontor- og administrasjonsfaget
Logistikkfaget
Reiselivsfaget
Resepsjonsfaget
Salsfaget
Tryggsleiksfaget
Yrkessjåfør på tunge kjøretøy (landsline)

Studiespesialiserande fag

Norsk
Engelsk
Matematikk
Naturfag
Historie
Samfunnsfag

Teknikk- og industriell produksjon

Bilfaget, lette kjøretøy *
Bilfaget, tunge kjøretøy *
Billakerarfaget *
Bilskadefaget *
Industrimålarfaget *
Industrimekanikarfaget *
Industrimontørfaget *
Platearbeidarfaget *
Sveisefaget *

Kursa er komprimert undervisning som gir deg teorien til fagbrevet. Undervisninga er lagt til rette for for deg som har erfaring i yrket og fører fram til tverrfagleg eksamen i lærefaget. Kursa er på dagtid 1-2 dagar i veka over eitt år. Nokre kurs er på kveldstid.

Opplæring saman med lærlingar

* I faga som er stjernemerka tilbyr vi opplæring saman med lærlingar. Det er ein absolutt føesetnad med arbeidserfaring for å søke opplæring saman med med lærlingar. Lærlingkursa er merka med stjerne.

Alle kan søke, men vi prioriterer søkarar med voksenrett ved inntak. Undervisninga er gratis for alle som får plass.

Vi tek atterhald om nok søkarar med voksenrett.

Send spørsmål til voksenopplæringa

Send oss eit spørsmål viss du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Kontakt oss viss du ikkje kan finne lærefaget du ønsker. Har du voksenrett tilpassar vi opplæringa til din arbeids- og livssituasjon så langt mogleg. Kontakt ditt næraste senter for voksenopplæring med spørsmål om dette.

Finn Senter for voksenopplæring

Undervisning for vaksne

Undervisninga i dei fleste kurstilboda er komprimert og basert på at deltakarane har erfaring frå yrket.

Opplæringa kan elles variere frå individuell rettleiing til større og meir tradisjonell utdanning. Opplegget skal så langt mogleg vere tilpassa den einskilde sin arbeids- og livssituasjon.

Har du voksenrett kan du òg søke opplæring i fag som ikkje står på lista. Vi tilbyr dessutan gratis vurdering av realkompetanse for deg som har voksenrett.

Voksne har rett til gratis vidaregåande opplæring frå dei fyller 25 år

Arbeidserfaring

Undervisninga er komprimert og bygger på at deltakarane har erfaring frå yrket. Yrkeserfaring må du sjølv skaffe.

Eit tips kan vere å kontakte opplæringskontoret for yrket ditt, eller å ta kontakt med bedrifter som er godkjente lærebedrifter i faget. Oversikt over dette kan du finne på Vilbli.no

Finn lærebedrifter og opplæringskontor i Hordaland

Ta fagbrev som praksiskandidat

Du kan ta fagbrev som praksiskandidat viss du kan:

  • dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått tverrfagleg eksamen i lærefaget (VG3-nivå)

Teoriopplæringa vi tilbyr fører fram til tverrfagleg eksamen i lærefaget på Vg3-nivå. Som praksiskandidat er du friteken for fellesfaga.

Ta fagbrev som praksiskandidat

Ta studiekompetanse

Du må ha studiekompetanse for å søke høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Du kan ta studiekompetanse etter 23/5-regelen frå det året du fyller 23. Då treng du dei seks studiekompetansefaga: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, historie og samfunnsfag.

Studiekompetanse for deg over 23 år

Finansiere utdanning

Voksne som får stønad frå NAV må undersøke med sitt NAV-kontor om stønaden held fram under opplæring.

Dei fleste utdanningstilboda våre er på deltid, ein til to gonger i veka, og kan kombinerast med jobb. Du kan og søke om støtte hos Lånekassen.

Søk støtte hos Lånekassen

Voksenopplæring
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30